Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter youtubarar og influensarar som marknadskommunikasjon

Youtubarane Truls Valsgård og Kim Køste fortel korleis dei tener pengar, og korleis dei merkjer innhald som er reklame.

Oppgåve

Sjå videoklippet og svar på spørsmåla:

  1. Korleis kan ein youtubar tene pengar?
  2. I kva for samanheng blir tostegs-hypotesen nemnd?
  3. Korleis opplyser youtubarane om at videoen er sponsa?
  4. Diskuter youtubarar og influensarar som verkemiddel i marknadskommunikasjon.

    • Bruk døme.

    • Registrer kjeldene de bruker, både faglege kjelder og dømekjelder.

  5. Skriv eit notat to og to der de oppsummerer diskusjonen. Husk kjeldeføring.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2017

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar