Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike fasar i ein fleirkameraproduksjon

Ein fleirkameraproduksjon er delt inn i ulike fasar: preproduksjon, produksjon og postproduksjon.
Samarbeid gjennom dei ulike fasane er viktig for å sikre god kvalitet på sluttproduktet.

Fleirkameraproduksjonar blir ofte nytta ved produksjon av underhaldningsprogram eller nyheitssendingar på TV, og når store sportsarrangement skal dekkjast. Produksjonsmetoden blir òg i aukande grad brukt i storskjermproduksjonar og strøyming på internett. Her får du vite meir om kva som skjer i preproduksjonen, produksjonen og postproduksjonen av ein fleirkamerasending.

Fase 1: Preproduksjon

I preproduksjon eller førproduksjonsfasen blir både innhaldet og den tekniske sida planlagt. Førearbeidet blir tilpassa kva for type produksjon som skal lagast.

  • Er det ei nyheitssending eller ein konsert som skal produserast?
  • Er det eit portrettintervju som skal filmast med fleire kamera?

Utgangspunktet for ein fleirkameraproduksjon er ofte eit bestemt konsept eller ein konkret idé.

Nokre produksjonar skal filmast direkte frå eit studio, mens andre produksjonar kan gå i opptak frå ein location utandørs.

Det er viktig å få oversikt over kva som skal takast opp, og å teste ut teknisk utstyr. Det viktigaste konkrete resultatet av planlegginga er køyreplanen. Både køyreplan og prøveopptak er viktige for at ein fleirkameraproduksjon skal kunne flyte.

Her er eit køyreplandøme frå TV-programmet Skavlan:

Filer

Prøvesending

Innspelingsleiaren er den som skal ha best kontroll på køyreplanen og styre sendinga frå start til slutt.

Det er vanleg å gjennomføre prøvesendingar før opptak. Slik får alle fagfunksjonar øve seg på rekkjefølgja arbeidsoperasjonane inngår i, altså kva som skjer til kva tid. Programleiarane får trent på manus og introduksjon på innslag i samkøyring med kontrollrommet. Fotografane får øvd seg på kamerarørsler i samanheng med manus. Innspelingsleiaren kan forsikre seg om at programleiarar, kamera, lyd og biletmiksar er klare for opptak, og den tekniske staben har kontroll på når kamera og lyd går, og sørgjer for å setje i gang sendinga.

Fase 2: Produksjon

Produksjonsfasen omfattar heile opptaksperioden. Ein fleirkameraproduksjon inneber at

  • det blir gjennomført eit opptak med fleire kamera samtidig
  • kablar sender biletsignal frå kamera inn til biletmiksaren
  • ein biletmiksar klipper mellom dei ulike kameraa

Biletkjelder i ein fleirkameraproduksjon kan vere både innslag som er laga på førehand, og kamera som filmar direkte. For denne typen produksjonar er det praktisk med eit eige, avlukka teknisk kontrollrom. Her jobbar teknisk stab med regi, biletmiks og lydkontroll.

Sjå videoen for fleire tips til korleis du førebur ein fleirkameraproduksjon:

Fase 3: Postproduksjon

Postproduksjon eller etterarbeidsfasen omfattar alt som skjer etter at fleirkameraproduksjonen er spelt inn. Det kan vere klipp, pålegging av tekst, musikk og lydeffektar. Ved direktesending blir alt som det er mogleg å førebu, gjort klart på førehand.

Publisering

Ein fleirkameraproduksjon kan strøymast direkte, eller han kan publiserast i etterkant.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon