Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjekk dagens nyheiter i sosiale medium

Oppdater deg på dagens nyheitsbilete via dei sosiale media. Kva er likskapar og forskjellar mellom sakene som blir presenterte på Facebook, Instagram og Snapchat?
Fire elevar sit i ei trapp og les og viser kvarandre innhald på nettbrett og mobiltelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Gå inn på Facebook, Instagram og Snapchat. Oppdater deg på dagens nyheitsbilete via dei sosiale media.

  • Kva saker finn du på dei ulike sosiale plattformene?
  • Korleis blir sakene presenterte?
  • Kva verkemiddel blir brukte i dei ulike sakene?
  • Kva er likskapar og forskjellar mellom sakene som blir presenterte på Facebook, Instagram og Snapchat?
  • Kva er di viktigaste kjelde til nyheiter?
  • På kva måte kan algoritmane på sosiale medium føre til at vi går glipp av viktige nyheiter?


Etter å ha tenkt gjennom spørsmåla kvar for dykk, går de saman i grupper og diskutere spørsmåla.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Rettleiing i produksjon for sosiale medium