Hopp til innhald

Fagstoff

Salt

Saltinnhaldet i kosten vår er omtrent det dobbelte av kva som er tilrådd. Mykje av saltet i norsk kosthald kjem frå halv- og heilfabrikat.
Ulike typar salt, saltbøsser og treskeier. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skjult salt

I mange matvarer er det mykje salt som framhevar andre smakar. Skjult salt finst i mykje halvferdig mat og i ferdigmat. Mat laga frå botnen av er ofte eit betre alternativ når vi skal avgrense saltinntaket. Lær deg å lese næringsinnhaldet på maten du kjøper.

Tillaging av mat for andre

Skal du lage mat for andre, er det viktig at du nyttar ingrediensar som ikkje inneheld for mykje salt. Det er mange grønsaker, urter og krydder som gir gode smakar. Du skal ha kunnskap om næringsinnhald i ulike ferdigprodukt, krydderblandingar og tørrvarer. Dette fordi du skal bidra i arbeidet med gode helsefremmande val i samarbeid med dei du jobbar med.

Tiltaksplan for reduksjon av saltinntak

Helsedirektoratet har laga ein tiltaksplan for å redusere saltinntaket i befolkninga. I tiltaksplanen står det at å redusere saltinntak er eit av dei mest effektive tiltaka for å førebygge høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar. Målet med det helsefremmande arbeidet er at heile befolkninga skal redusere saltinntaket.

Utfordringar til deg

  1. Les Helsedirektoratets kostråd om salt på Helsenorge. Ta notat av det du les.
  2. Kvifor er det så viktig å redusere saltinnhaldet i kosten?
  3. Gi døme på korleis du kan redusere saltinnhaldet i kosten.
  4. Gå saman i grupper og finn oppskrifter der de reduserer saltinnhaldet. Bruk tips frå Helsedirektoratet og din eigen kreativitet når de endrar oppskriftene. Lag matrettene og vurder resultatet.
  5. Kvifor bør vi vere ekstra merksame på saltinnhaldet i kosten til små barn?
Kjelde

Helsedirektoratet. (2019, 7. mars). Oppfordrer folk til å halvere saltinntaket. Henta frå https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/oppfordrer-folk-til-a-halvere-saltinntaket

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Matvaregruppene