Hopp til innhald

Fagstoff

Nøtter og mandlar

Det finst ei rekkje ulike typar nøtter, og mandlar finst i to typar: søte og bitre. Dei siste åra har forbruket av mandlar og nøtter auka.
Matvaregruppe: nøtter og mandler
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøtter og mandlar

Frå denne matvaregruppa får du

  • energi
  • umetta feitt
  • kostfiber
  • vitamin E, jern, sink, kalsium og magnesium

Nøtter og mandlar gir oss fleire gode næringsstoff. Ulike typar nøtter kan ha noko ulikt innhald av næringsstoff.

Et du mykje nøtter og mandlar, bør du vere merksam på at dei har høgt energiinnhald.

Mange er allergiske for nøtter. Du må derfor ha gode kunnskapar om nøtteallergi.

Utfordringar til deg

  1. Les om nøtter og mandlar på Helsedirektoratet sine nettsider. Ta notat frå det du les.
  2. Lag ein plakat som viser næringsinnhaldet i ulike typar nøtter. Du kan bruke nettsida til frukt.no når du skal arbeide med dette.
  3. Kva trur du kan vere årsaka til at vi et meir mandlar og nøtter no enn for 15 år sidan?
  4. Finn ut kvifor vi helst bør ete nøtter som ikkje er salta eller sukra.
  5. Mandlar og nøtter inneheld ein god del feitt. Kva er grunnen til at dei likevel kan gå inn som ein del av kosthaldet?
  6. Finn ulike matoppskrifter med mandlar og nøtter. Prøv ut oppskriftene heime eller på skulen. Skriv ein logg frå arbeidet.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Matvaregruppene