Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag atmosfære i stereo

Ta opp og rediger lydar for å lage atmosfære i stereo.
Fuglesang i regnet. Illustrasjon.
  1. Opptak: Ta opp to ulike atmosfærelydar i mono på for eksempel telefonen din. Ein av lydane skal vere ein vanleg miljølyd på minst 1 minutt, og den andre skal vere ein lyd du lagar sjølv, gjerne med utgangspunkt i din eigen pust. Det er eit poeng at denne lyden er jamn og langstrekt som ein atmosfære.
  2. Redigering: Opptaket av den vanlege miljølyden legg du på to spor. Du klipper starten av det eine sporet og flyttar det bakarst. Så panorerer du opptaka til kvar si side.
    Den lyden du har laga sjølv, delar du opp i fire delar som du legg ved sida av kvarandre på kvar sitt spor. Så panorerer du dei til kvar sitt punkt i stereobiletet. Om du vil, kan du leggje på litt klang, også kalla reverb.
  3. Presentasjon: La dei andre i klassen høyre.
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2017

Læringsressursar

Lydteori