Hopp til innhald

Fagstoff

Stereo og stereoverknad

Ein del lydar gjer seg best i stereo. Det gjeld blant anna bakgrunnslydar som atmosfærar. Eit stereoopptak er eigentleg to monoopptak som blir spelte av i kvar sin kanal, høgre og venstre. Du kan få stereoverknad av monoopptak ved å splitte og panorere dei.

Stereo og stereoopptak

Stereo er eit gammalt gresk omgrep som vart brukt om noe romleg, noko som omgir oss. Slik vi bruker nemninga her, handlar det om to kanalar for lyd: høgre og venstre. Då bruker vi også to mikrofonar til å ta opp.

Når du bruker meir enn éin mikrofon til å ta opp lyd, må du vere nøye med plasseringa av mikrofonane. Om vinkel og avstand blir feil, kan dei fange opp lydbølgjene slik at dei ikkje passar saman, og du får eit dårlegare opptak enn om du berre bruker éin mikrofon. Men bruker du ein ferdig innstilt opptakar, der dei to mikrofonane peiker med riktig vinkel i kvar si retning, skal det gå greitt. Då får du to opptak som er ulike nok til å gi romkjensle, men ikkje så ulike at dei ikkje passar saman.

Det er ikkje alltid så lett å høyre kva ulikskapane eigentleg består i. Men du høyrer at det er ein skilnad dersom du panorerer dei to opptaka til midten, slik det blir vist i videoen. Då vil for eksempel ein stor og brei skogsatmosfære låte trongare fordi vi ikkje høyrer ulike opptak i kvart øyre.

Breidda i lydbiletet

Det at vi har to auge, gir oss djupnesyn, altså eit perspektiv som eitt auge ikkje kan gi åleine. På same måten får hørsla eit anna og betre perspektiv med to samkøyrde øyre.

Samtidig som dei to øyra gir høve til breiddeperspektiv, vil to samarbeidande øyre også i større grad gi evna til å orientere seg og fokusere på einskildlydar i eit komplekst lydbilete.

Stereoverknad av monoopptak

Kva om vi sit med eit monoopptak og vil gjere det til eit stereoopptak? Du har kanskje fått forklart tidlegare at det ikkje går: Eit monoopptak er og blir eit monoopptak. Du kan likevel lage ein stereoverknad ut av eit monoopptak:

  • Du gjer eit monoopptak i ein skogsomgivnad med telefonen din. Telefonar er nemleg utrusta med éin liten mikrofon, som gir eit monoopptak.
  • Du har fått opptaket over på datamaskinen din, men du saknar breidda som eit opptak i stereo ville gitt.
  • Du vel to ulike delar av det monoopptaket du har gjort, og legg dei på kvar sitt monospor.
  • Du panorerer opptaksdelane til kvar si side, den eine til venstre og den andre til høgre.

Då vil du kunne oppnå noko som liknar på ein stereoatmosfære. Smart, ikkje sant?

På same måten kan du lage ein flott, brei stereo-vindlyd med utgangspunkt i nokre enkle pustelydar i mono. Med fire ulike opptak av pusting som du legg ved sida av kvarandre med ulik panorering, får du den vindlyden du gjerne vil ha.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2018

Læringsressursar

Lydteori