Hopp til innhald

Fagstoff

Lyden sitt uttrykksrom

Lyd gir oss informasjon og kan vekkje sterke kjensler. Lyd kan gjere deg glad, redd, nervøs eller trist, eller varsle om fare. Når du produserer lyd, må du ta omsyn til lyden sitt uttrykksrom.
Sjakt i et tårn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyd er eit medieuttrykk som ikkje er avhengig av språket for å kommunisere. Lyd bringar fram og forsterkar kjenslemessige bodskapar. Brukt saman med stillbilete eller levande bilete kan lyden rette merksemda vår mot noko i bodskapen som avsendaren ønskjer å gjere ekstra tydeleg. Ofte blir vi umedvitne påverka av lyden. Det vil seie at vi ikkje nødvendigvis er klar over kvifor og av kva vi blir påverka. Lyd er dessutan eit element som bind saman og skaper kontinuitet i ei visuell framstilling.

Dimensjonar i uttrykksrommet

Dersom du skal kunne utnytte moglegheitene som ligg i medietypen lyd, må du forstå omgrepet lyden sitt uttrykksrom. Då er det lurt å starte med å beskrive korleis synssansen fungerer.

Visuelt uttrykksrom

Skal du kunne sjå, er du avhengig av at biletet du har framfor deg, har ei viss høgde og ei viss breidde. Om du i tillegg inkluderer djupneperspektivet, har du eit tredimensjonalt rom som du kan boltre deg i. Innanfor desse rammene kan du uttrykke deg visuelt, altså i det vi kan kalle eit visuelt uttrykksrom.

Aksane i dette rommet kjenner du sikkert igjen:

  • Breidde. Vi kallar rørsla langs den horisontale aksen mellom høgre og venstre for panorering.
  • Høgde. Rørsla langs den vertikale aksen opp og ned kallar vi for tilt.
  • Djupn: Rørsla langs aksen mellom framme og bak kallar vi fokus.

    For å kunne oppfatte djupneperspektivet trengst det ein spesiell eigenskap av sansesystemet vårt: Vi er avhengig av to auge som samarbeider, og ein hjerne som tolkar og set saman denne informasjonen. Ser ein med berre eitt auge, vil ein ikkje oppfatte djupneperspektiv.

Uttrykksrommet til lyd

Lyden sitt uttrykksrom blir også kalla lydbiletet. Vi kan seie at eit lydbilete på mange måtar består av dei same dimensjonane som synet: breidde, høgde og djupn.

Forsøk å stikke fingeren i det eine øyret og lukk auga. Kor enkelt er det å bestemme kvar lyden kjem frå?

  • Breidde: Bruk av høgre og venstre skaper retning.
    Du er avhengig av begge øyra og hjernen for å tolke impulsane i høve til kvarandre. Elles vil ikkje hørsla di oppfatte retninga, altså breidda, i lydbiletet.
  • Høgde: Bruk av djupe eller lyse lydar utnyttar frekvensområda bass, mellomtone og diskant. Lydar blir fordelte ut på frekvensområda avhengig av kva eigenskapar dei har.
  • Djupn: Om lyden opptrer framme eller bak i uttrykksrommet, framhevar lydar eller gjer dei mindre tydelege.
Personer krysser trikkespor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tankeøving

Du skal skape eit lydbilete der to personar snakkar saman mens dei går i middels trafikkerte omgivnader. Kvar i lydbiletet ser du for deg at dei ulike lydane ligg?

Mono, stereo og panorering

Mono, stereo og panorering er uttrykk som blir brukte i lydproduksjon. Dei hjelper deg å forstå korleis du kan gjere opptak og redigere lyd med tanke på breiddedimensjonen. Mono og stereo hjelper deg med å bruke høgre og venstre side i lydbiletet, mens panorering beskriver rørsla mellom ytterpunkta.

Arbeid med breiddedimensjonen gir oss høve til blant anna å bestemme storleiken på verda vi ønskjer å skape. Du kan skape den store svevande opplevinga, om det er det du er ute etter, eller du kan etablere eit trangt, lite rom.

Også plasseringa av og retninga på dei ulike elementa vi legg i lydbiletet, gjer vi ved hjelp av breidda i lydbiletet. Opplevinga av om ei rørsle skjer fort eller sakte, kan også ha med breidde å gjere.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2017

Læringsressursar

Lydteori