Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for bygginnreiaren

Trevare- og bygginnreiingsfaget går føre seg i små og store fabrikklokale. Produksjonen er i stor grad automatisert ved hjelp av spesielle maskiner, men det blir også utført mykje manuelt handverk.
Mann sprøyter maling på ramme i fabrikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Strenge krav til produksjonen

Det blir produsert komponentar der ein stiller strenge krav til produksjonen. Det blir derfor stilt store krav til alle som jobbar med planlegging av og produksjon av trevare og bygginnreiing.

Ein må ha respekt for og følgje det regelverket og dei forskriftene som er utarbeidde for produksjonen. Å vere ryddig og nøyaktig er viktige nøkkelord her.

Risiko og førebygging

Det er utarbeidd interne HMS-tiltak for å sørgje for at dei som arbeider i produksjonsanlegga, kan arbeide trygt.

Opplæring og sertifisering

Det er krav om opplæring og sertifisering av personell og utstyr for å ivareta tryggleiken.

Klemfare

I produksjonslokala er det fare for å bli klemt av maskiner, truck o.l.

Kuttskadar

Kuttskadar er også ein fare ved bruk av handverktøy og maskinelt verktøy som knivar og høvlar.

Støy og støv

Arbeidet i produksjonslokala fører med seg ein del støy og støv. Ofte blir produksjonen styrt frå kontrollrom som vernar mot støy og støv.

Avgassar

Lakkering/måling blir som regel utført automatisk i lukka rom. Avgassar frå måling og lakk kan då trekkjast med ventilasjon utan at det er noko problem for miljøet i arbeidslokala.

Personleg verneutstyr

Når det gjeld personleg verneutstyr og tiltak, så er dette som for byggje- og anleggsbransjen elles. Ein bruker eigna arbeidstøy, høyrselsvern, verneskor, hjelm, støvmaske, hanskar og vernebriller når slikt er påkravd.

CC BY-SASkrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Bygginnreiaren