Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om emneframheving og lesbarheit

Skisse av ditt navn med blyant strek. Illustrasjone.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve: Design fonten «din»

I denne oppgåva skal du bruke det du har lært om emneframheving og lesbarheit til å finne ein font som er «heilt deg».

  1. Skriv ned nokre få ord om kva som er typisk deg. Kanskje du er leiken, hardtarbeidande, smart, jålete, distré, seriøs, nøyaktig eller klønete?
  2. Tenk over kva slags fontar som kan representere beskrivinga du har laga av deg sjølv.
  3. Søk på sider der du kan laste ned gratis fontar for fri bruk, og sjå om du finn ein som kan passe. Eit eksempel på ei slik side er Dafont.
  4. Skriv namnet ditt stort på eit A4-ark med den fonten du har valt.
  5. Under namnet ditt skriv du kort kva for personlege eigenskapar du har teke utgangspunkt i. Bruk 12 pkt. Verdana til denne informasjonen.
  6. Midtstill all teksten.

Skriv ut arka dykkar og lag utstilling i klassen.

Oppgåve 2: Finn skrifttypar som emneframhevar

Grafitti skrevet i grafittiskrift. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ned orda nedanfor og finn ein font som underbyggjer og emneframhevar tydinga i ordet.

  1. barnebursdag
  2. romantikk
  3. antikvitet
  4. metall
  5. action
  6. eksplosjon
  7. pensjonistforeining
  8. verkstad
  9. svevn
  10. MC-klubb

Samanlikn med andre i klassen. Er de einige om kva slags stil som passar best?

Oppgåve 3: Finn eksempel på lesbarheit og emneframheving

Søk på nett og gå gjerne i skulen sine areal og på biblioteket. Samarbeid to og to.

  1. Finn og ta bilete av to–tre eksempel på skriftlege tekstar som i hovudsak bruker lesbare skrifttypar.
  2. Finn og ta bilete av to–tre eksempel på skriftlege tekstar som i hovudsak er emneframheva.
  3. Finn og ta bilete av to–tre eksempel på skriftlege tekstar som er litt begge delar.
  4. Diskuter korleis dei enkelte eksempla fungerer i samanhengen sin, og plukk ut tre av dei som de presenterer for dei andre i klassen.
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017

Læringsressursar

Typografi