Hopp til innhald

Fagstoff

Emneframheving

Når du bruker typografi til å skape samsvar og samanheng mellom form og innhald, blir det kalla emneframheving. Det er ofte ein balansegang om du skal velje dei mest lesbare fontane, dei mest emneframheva, eller ein mellomting.
Grafikisk kunst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lesbarheit er viktig og må ha fokus, særleg i større tekstmengder. Bodskapsformidling er alltid det viktigaste, men viss du kun bruker dei best lesbare fontane frå skriftgruppene antikva og grotesk, kan uttrykka dine fort bli litt keisame.

Viss du skal invitere til alle tiders fest, er det sikkert minst like viktig for deg at typografien i invitasjonen tyder på at dette blir eit skikkeleg party, enn at bodskapen er nøytral og godt lesbar. Kven vil vel gå på ein nøytral og stiv fest?

Balansegang

Maleri av blomster og et gjerde med teksten "Thank you" skrevet med løkkeskrift. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Emneframheving vil seie at du bruker typografi til å skape samsvar og samanheng, det vi også kallar for identitet, mellom form og innhald. Det er alltid ein balansegang mellom om du skal velje dei best lesbare fontane, eller dei som er mest emneframheva. Her finst det ingen fasit på kva som er rett eller gale.

Viss det er snakk om ein lang tekst, vel du ein font som er tydeleg og rask å oppfatte og behandlar han med tanke på optimal lesbarheit. Viss innhaldet derimot er mindre i omfang, gir det andre moglegheiter. Då kan du kanskje velje ein meir utradisjonell typografi i tråd med det du ønskjer å kommunisere.

Vel ein font som gjer jobben!

Eksempler på emnebetoning i skrifttyper. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedlasting av fontar

På datamaskinen din har du fontar som var førehandsinstallerte då du kjøpte han. Blant dei finst fleire klassiske fontar som «aldri» går av moten. Andre godt etablerte fontar må du kjøpe viss du treng dei.

Dersom du ikkje er så nøye på opphavet og historia til fontane, finst det ei rekkje websider der du kan laste ned spanande fontar gratis. Særleg viss du treng nokre som er litt sære og emneframheva, kan du ha stort hell med å søkje etter ein passande font på nettet.

Før du lastar ned, bør du likevel vere merksam på eit par ting:

  • Fontar er omfatta av opphavsrett og åndsverklova. Sjekk at dei du finn, ikkje er piratkopiar, og undersøk om det er avgrensingar eller reglar for bruk av fonten.
  • Ikkje alle gratisfontar har alle teikn. I Noreg har vi problem med at ein del fontar som er designa i andre land, manglar æ, ø og å.
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017

Læringsressursar

Typografi