Hopp til innhald

Fagstoff

Strategisk kommunikasjon: frå no-situasjon til ønskt situasjon

Kommunikasjonsbransjen arbeider med planlagd og strategisk kommunikasjon. Strategi vil seie å ha ein plan eller angrepsmåte for å nå eit bestemt mål. Strategisk kommunikasjon er planlagd kommunikasjon for å nå dei måla ei bedrift eller ein organisasjon har sett seg.
Kvinne ser inn i glasskule, i bakgrunnen ei tavle med tankekart skrevet med farget kritt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle organisasjonar vil kunne ha behov for å kommunisere både innetter i organisasjonen og på utsida. Føremålet med kommunikasjonen kan vere forskjellig. Dei ulike personane, gruppene og instansane ein organisasjon må og bør ha kommunikasjon med, blir kalla for interessentar.

Kommunikasjonsarbeidarar taler alltid nokon si sak. Dei planlegg og formidlar alltid bodskapar på vegner av organisasjonen dei jobbar for, anten dei jobbar i ei kommunikasjonsavdeling i ein organisasjon, eller dei jobbar som konsulentar i eit PR-byrå.

Talet på personar som arbeider innan kommunikasjonsbransjen, har auka massivt dei siste 20 åra. Representantar for bransjen meiner auken skuldast at vi stadig har fått nye medium, samt den påverknadskrafta desse media har på samfunnet rundt.

Ein bransje i vekst

Rundt tusenårsskiftet jobba i overkant av 2000 personar i den norske kommunikasjonsbransjen. Talet på kommunikasjonsmedarbeidarar er meir enn dobIa sidan då (2017). Bakgrunnen for veksten ligg mest sannsynleg i dei generelle samfunnsendringane som medieutviklinga har ført med seg. På grunn av digitalisering av medieproduksjonen, Internett og framveksten av sosiale medium, er det enklare og billegere å lage og distribuere informasjon.

Kommunikasjonsmedarbeidarar er ein naturleg del av større organisasjonar, og interessentar og brukargrupper forventar profesjonell kommunikasjon frå organisasjonane. Fleire organisasjonar og verksemder ser fordelar ved å utarbeide eigne strategiar for kommunikasjon. Dei kan bidra til større synlegheit og gjennomslagskraft.

Å flytte makt med kommunikasjonshandlingar

Organisasjonar av ein viss storleik, eller som er medvitne om kommunikasjon, har normalt ein kommunikasjonsstrategi. Han er gjerne ein del av rammene organisasjonen jobbar etter. Ein kommunikasjonsstrategi blir følgt opp og justert etter behov.

På nettsidene til eit av dei største kommunikasjonsbyråa i Norden, Geelmuyden Kiese, finn vi eit slagord som langt på veg summerer opp føremålet med kommunikasjonsarbeid:

Geelmuyden Kiese er ikke opptatt av kommunikasjon i seg selv, men av den endring kommunikasjonen skaper. Vi kaller det å flytte makt.

Reflekter

På kva måte tenkjer du kommunikasjonshandlingar flytter makt?

Frå no til ein ønskt situasjon

Ein kommunikasjonsstrategi har som føremål å få verksemda frå ein no-situasjon til ein ønskt situasjon. Det kan også vere å behalde ein velfungerande situasjon.

Jobbar du med strategisk kommunikasjon, må du altså vere i stand til å beskrive både no-situasjonen og den ønskte situasjonen.

Ein kommunikasjonsplan består i hovudsak av tre delar:

  1. No-situasjon: eit klart bilete av kor vi faktisk er i dag.
  2. Ønskt situasjon: eit klart bilete av kva vi ønskjer å vere på eit gitt tidspunkt i framtida.
  3. Strategiske val: tiltak for å komme frå no-situasjon til ønskt situasjon.
CC BY-SASkrive av Petter Skretting.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar