Hopp til innhald

Fagstoff

Art nouveau – den unge stilen

Stilretninga art nouveau tyder «den nye kunsten». Dette uttrykket var populært frå ca. 1890 til 1910 og fekk namnet etter ei forretning for dekorativ kunst i Paris. Litografi var ein sentral teknikk, og stilen er kjenneteikna ved mjuke, elegante linjer og bruk av organiske former og symbol.

I denne perioden auka samhandlinga mellom Asia og Europa. Det gjorde at europeiske designerar lét seg inspirere av asiatisk kunst med andre tradisjonar for bruk av luft, fargar og teknikkar. I Tyskland vart stilen kalla «jugend» – ungdom, mens på engelsk blir stilen kalla «decorative style».

Japanske fargetrykk hadde ofte lukka former med meir eller mindre einsfarga flater, nokre gonger med eit tydeleg oppteikna omriss. Dette lét art nouveau-kunstnarane seg inspirere av.

Et skjelett bøyer seg over en heks. Japansk kunst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På den same tida vart plakaten anerkjend som kunstuttrykk og vart ikkje lenger berre brukt i marknadsføring. Ny teknologi for trykking, litografiet, gjorde at fargetrykk kunne masseproduserast på ein billeg måte. Det førte til at folk flest fekk råd til å kjøpe kunstmagasin og dekorere heimane sine med kunstplakatar.

Litografi

Litografi er ein teknikk som baserer seg på at vatn og feitt støyter kvarandre frå seg. Først blir biletet teikna eller måla på ein porøs kalkstein, ein såkalla litostein, med eit feitt litokritt eller med feit litotusj. Kalksteinen blir deretter fukta med vatn. Når trykkfargen blir påført, festar han seg berre til dei feitthaldige felta på steinen, altså der fargen i den opphavelege teikninga sit, og ikkje til dei våte partia. Fargen blir til slutt overført til papiret i ei trykkpresse. Offsetpressene vi har i dag, er baserte på det same prinsippet, men andre materiale blir nytta, og heile prosessen er automatisert.

Kjenneteikn ved art nouveau

Art nouveau er kjend for dei organiske uttrykka sine. Dei visuelle uttrykka er kjenneikna ved lange, mjuke og elegante linjer. Dei er gjerne asymmetriske og inneheld rytmiske mønster. Formgivarane bak stilen var inspirerte av naturen. Dei såg det som oppgåva si å skape skjønnheit og harmoni, og dei meinte at alle gjenstandar – uansett kor uviktige og daglegdagse dei er – kunne bli vurderte som kunstverk.

Typografien følgde linjeføringa, formene og fargane til biletuttrykket i plakatane. Nokre gonger vart typografien innlemma som ein integrert del av biletet.

Viktige symbol i art nouveau

Sensuelle kvinnefigurar og svungne blomelinjer er typiske for art nouveau. Kvinnene symboliserte glamour, modernitet og ynde og vart sette på som frigjorde og mystiske. I tillegg var det vanleg med følgjande bruk av symbolikk:

  • Påfuglfjær vart sette på som eit symbol på forfengelegheit.
  • Svana representerte reinskap, det feminine og harmoni.
  • Sommarfuglen symboliserte skjønnheit.
  • Valmuen symboliserte mystikk.
  • Treet var eit uttrykk for mennesket sitt forhold til naturen, og samstundes eit fruktbarheitssymbol.
  • Vatnet symboliserte framhald og det uendelege.

Studer uttrykka og reflekter

Kva for kjenneteikn og kva for symbolbruk finn du att i bileta på denne sida? Kvifor ser vi at dei høyrer til den same stilepoken, trass i forskjellen mellom dei?

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Bruk stilartar og uttrykksformer