Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjon over medieproduksjonsprosessen

Vurder og reflekter over eigne medieproduksjonar du har erfaring frå.
Medie-elever forbereder seg til sending. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Diskusjon

  1. Kva er den største suksessen og den største tabben din i arbeidet med medieproduksjon så langt?
  2. Korleis kan du sikre deg mot tabbar i framtida?
  3. Kva er forskjellane på konsekvensane av å gjere ein tabbe når du produserer som medieelev, versus når du produserer for mediebransjen?

Oppgåve 2: Planlegg eit oppdrag

Sjå på årsplanen og vel deg ut ein medieproduksjon de skal i gong med. Planlegg produksjonsprosessen.

Du kan for eksempel lage eit skjema der du punktvis skriv ned kva du må hugse på i ulike fasar. Bruk gjerne tips frå artikkelen «Sjekkpunkt i elevproduksjonar».

Oppgåve 3: Dokumenter ein produksjonsprosess

Gjennom å dokumentere og reflektere over produksjonsprosessane du har gjennomført som medieelev, får du systematisert erfaringane dine. Slik vil kvar nye prosess kunne gjennomførast med stadig større flyt.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Produser video – korte format