Hopp til innhald

Fagstoff

Produksjon av journalistikk og reklame

Å jobbe systematisk med alle fasar av produksjonsprosessen sikrar kvaliteten på sluttproduktet. Mediebransjen er mangfaldig. Dei som arbeider med å produsere nyheiter, vil jobbe på ein heilt annan måte enn dei som jobbar med reklame.
Kvinne ser på bilder. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre gonger er det store ressursar knytte til eit prosjekt. Mange dyktige menneske er involvert, det er god tilgang til utstyr og teknologi og romslege reisebudsjett. Andre gonger er det knapt med ressursar, du må jobbe aleine, og kanskje berre med ein mobiltelefon til hjelp.

I nokre produksjonar vil det vere kort tid til deadline. Det gjeld spesielt i nyheitsmedia. Derimot kan det ta fleire år å lage ein spelefilm. Sjølv om det kan vere store forskjellar, finn vi samstundes sentrale fellestrekk ved korleis ein produksjonsprosess går føre seg frå A til Å.

For alle medieproduksjonar skjer det ei klargjering av arbeidsoppgåver eller arbeidsoppdrag i starten av produksjonsprosessen. Undervegs blir innhald i form av tekst, lyd, bilete eller levande bilete samla inn, for så å bli tilarbeidd og publisert. Kva du jobbar med, kva for yrke du har, og kva for rammer du jobbar innanfor, vil avgjere konkrete arbeidsoppgåver og prioriteringar for ulike fasar i produksjonsprosessen.

Produksjonsprosessen i redaksjonell bransje

Denne videoen illustrerer korleis arbeidsdagen er i mange lokalaviser.

Først vel redaksjonen ut kva for saker dei skal prioritere. Dei får tips frå mange ulike kjelder og må velje ut dei sakene som dei trur er mest relevante og aktuelle for avisa sine lesarar.

Neste trinn er å prioritere korleis sakene skal løysast. Då blir det jobba med ulike idear til vinklingar. Nokre saker krev at ein jobbar i djupna og utforskar bakgrunn og fakta, andre saker blir løyste gjennom å finne fram til kjelder som kan belyse temaet.

Ved gjennomføring av intervju er det viktig for journalistane og fotografane å møte førebudde. Når sakene er publiserte, får redaksjonen ofte respons frå publikum. Då vil reaksjonane kunne følgjast opp, og det blir laga nye saker med ny vinkling.

Produksjonsprosessen i eit reklamebyrå

I reklamebransjen er avklaring av behova til oppdragsgivar, kunnskap om målgrupper og justering på bakgrunn av respons viktige element i produksjonsprosessen.

Ein produksjonsprosess startar gjerne på ein av to måtar. Anten kjem ein kunde med eit ønske, eller så ser reklamebyrået at ein eksisterande kunde har eit behov som følgje av endringar i for eksempel marknaden eller åtferdsmønster hos forbrukarar, og føreslår tiltak.

Når behovet er avdekt og definert, er det tid for idéutvikling. Då blir det sett ned eit team som gjerne består av AD (art director), tekstforfattar og prosjektleiar. Dette teamet jobbar med det som er målet med kampanjen, bodskapen og målgruppa. Deretter blir idéar presenterte for kunden.

Når idéen er akseptert av kunden, blir det laga ein produksjonsplan. Deretter startar produksjonsprosessen. Kva som blir produsert, er avhengig av kva som er målet med reklamen, og kvar ein når målgruppa. Dette kan for eksempel vere magasin, digitale flater, sosiale medium og gateplakatar.

Ofte har reklamekampanjar ein tidsplan for lansering og oppfølging. Respons på kampanjen står i fokus, og ofte vil kampanjen bli justert undervegs avhengig av responsen.

CC BY-NC-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Introduksjon til idéarbeid