Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein presentasjon av statistikken din

Det finst mange måtar å tolke, velje og presentere statistikk på. Her får du prøve sjølv.
Presentasjon av statistikk for klassen
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn ut kva som skal presenterast. Skal du for eksempel samanlikne eigen mediebruk med statistikken frå Medienorge, eller skal de lage ein samla statistikk for mediebruken til heile klassen? I begge tilfelle må de plukke ut nokre kategoriar.
  2. Lag eit stolpediagram der X-aksen består av tre medium. Y-aksen skal bestå av talet på den daglege bruken i minuttar. Du skal ha to stolpar for kvar kategori. Ein som viser din eller klassen sin mediebruk, og ein som viser gjennomsnittet for befolkninga.
  3. Skriv ein kort tekst som forklarer statistikken.
  4. Publiser diagrammet. Avtal med læraren kvar det skal publiserast, og om det skal vere offentleg eller privat vising. Det viktigaste er at andre kan sjå og eventuelt kommentere diagrammet.

Til slutt

Diskuter med den du sit ved sida av, eller med heile klassen:

  • Korleis kan vi bruke det vi har lært, til å vere gode, kritiske lesarar av andre sin statistikk, anten dei andre er journalistar, politikarar eller kommersielle aktørar?
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk