Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samle inn og rekne ut

Du skal samle inn kvantitative data om deg sjølv og lage statistikk over eigen mediebruk. Kor mange timar om dagen bruker du på mobil? Kor mange gonger om dagen er du innom appar som Snapchat, Facebook og Instagram? Har andre dei same medievanane?
Studenter bruker sosiale medier. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal løyse oppgåva i fire steg:

Steg 1: Berekna mediebruk

Last ned ein kopi av dette dokumentet: Regneark egen mediebruk – mal til nedlasting
Fyll ut:

  • kor myke tid i minuttar du trur du bruker på kvar av desse media på ein heilt vanleg dag
  • summen av talet på minuttar brukt i kvar kategori
  • gjennomsnittet for kvar kategori

Steg 2: Faktisk mediebruk

Du skal sjekke om den tida du trur du bruker på dei ulike media, faktisk stemmer. Finn ein app som overvaker kor mange minuttar du bruker på dei andre mobil-appane, og la denne overvakinga vere aktiv det neste døgnet. I tillegg noterer du ned i dokumentet kvar gong du ser på TV, høyrer på radio, speler dataspel, les bøker, les aviser eller besøker sosiale medium med PC-en.

Last så ned ein ny versjon av rekneark-malen og fyll ut på nytt med den nye informasjonen.

Gutt tenker på tall.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 3: Samanlikn berekna og faktisk mediebruk

Ta ein skjermdump for kvar av kategoriane frå dei to reknearka, steg 1 og steg 2, og lim dei inn i eit dokument.
Beskriv kort forskjellane mellom den berekna mediebruken, steg 1, og den faktiske mediebruken, steg 2.

Kva ser du? Er det likskapar eller forskjellar mellom kor mykje tid du trur du bruker på dei ulike media, og kor mykje tid du faktisk bruker?

Hugs på at det å observere eit døgn med mediebruk ikkje nødvendigvis gir eit riktig bilete av den faktiske mediebruken. Men poenget her er å bli van med både å berekne og å observere.

Steg 4: Samanlikn eigen mediebruk med andre sin mediebruk

Du skal no samanlikne dine eigne tal med tala for befolkninga elles.

Gå inn på Medienorge sine nettsider og finn statistikk for den same mediebruken i same aldersgruppe som du sjølv har fylt ut.

Det er ikkje sikkert du finn dei same kategoriane og media du har jobba med, så vel ut tre medium der du samanliknar dine tal med tal for befolkninga elles.

Skriv ein kort tekst der du presenterer dine tal samanlikna med Medienorge sine tal. Kva for likskapar og forskjellar finn du?

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk