Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein køyreplan

Gå saman i små grupper. De skal planleggje første del av eit TV-program ved å nytte eit planleggingsverktøy kalla «køyreplan».
Gjester i studio hos Skavlan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

De skal organisere dei første 10–15 minuttane av eit kjent talkshow eller aktualitetsprogram, eller finne på eit eige konsept. Køyreplanen må innehalde tider for når desse elementa skal på:

  • vignetten
  • programleiar som ønskjer velkommen
  • framkomsten til gjestene

Hugs å leggje til rette for ei veksling mellom «live» i studio og innslag (eks. reportasjar).

Her finn de eit eksempel: Kjøreplan- eksempel fra Skavlan

Filer

Her finn de ein mal: Kjøreplan

Filer

Til slutt: Reflekter saman

  • Kva er fordelane ved å bruke ein køyreplan i planlegginga av eit TV-program?
  • Kva er ulempene?
  • Kvifor er det nødvendig å planleggje ein TV-produksjon?

Kva har de lært?

Byt køyreplan med ei anna gruppe. Vurder planane til kvarandre.

Gi tilbakemelding!

Gi kvarandre tilbakemelding i form av to stjerner og eitt ønske:
Sei to ting som er bra med køyreplanen til den andre gruppa, og éin ting som kunne vore betre.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2017

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon