Hopp til innhald

Fagstoff

Ruser, teiner og kilenot

Ruser, teiner og kilenot er passive fiskereiskapar som fungerer etter innesperringsprinsippet. I tillegg bruker vi lokkeprinsippet ved å nytte åte. Vi seier også at reiskapane fungerer etter felleprinsippet. Reiskapane vert brukte både i ferskvatn og sjøvatn, og fangar både fisk og krepsdyr.

Ruser vert helst brukte til å fange ål og torsk.

Teiner vert brukte til krepsdyr som taskekrabbe, kreps, hummar og kongekrabbe, og til til dømes leppefisk, brosmefiskar og torsk. I teinene bruker vi agn for å lokke.

Kilenota vert helst brukt til å fiske etter laks i sjøen.

Krepseteine på ei brygge. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrep du bør kunne:

  • innesperringsprinsippet
  • lokkeprinsippet
  • felleprinsippet
  • garnmasker
  • panelnett
  • leiegarn
  • kalv
  • ruse
  • teine
  • kilenot
  • havteine
  • krepsdyr
  • fredingstid
  • landgarn

Finn ut:

  • Korleis er ruser, teiner og kilenot brukte i fiske der du bur?
  • Kva lokale ord og omgrep finst?

Kva kan du om ruser, teiner og kilenot? Ta testen!

Relatert innhald

I denne filmen får du sjå kva slags utstyr du treng viss du skal fiske etter krabbe. Du lærer òg kva slags reglar som gjeld for dette fisket.

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa