Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Litle spegel på veggen der, kven er mektigast i verda her?

Mange meiner at presidenten i USA er den mektigaste mannen i verda. Men er det verkeleg slik at politikarar og statsleiarar er dei mektigaste i verda? Er det dei som styrer land, som kan diktere korleis verdssamfunnet skal sjå ut, eller er det andre som betyr meir, når viktige avgjerder skal takast?
USAs president Donald Trump. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven har mest makt?

  1. Gå saman i grupper på fire og fire og lag ei liste over dei mektigaste i verda i dag. Det treng ikkje berre vere statsleiarar, det kan vere leiarar for organisasjonar eller bedriftsleiarar.
  2. Diskuter dei de har på lista og lag ei rangert liste med minst fem namn på dei mektigaste i verda i dag.
  3. Del lista med resten av klassen, grunngi kvart val og forklar korleis de kom fram til denne rangeringa, og kvifor de har valt akkurat desse namna.
  4. Bli einige i klassen om ei liste på 10–15 personar som de meiner er dei mektigaste i verda.
  5. Magasinet Forbes utarbeider årleg ei liste over verdas mektigaste menneske. Samanlikn Forbes si liste med dykkar liste (ikkje sjå på lista før de gjer rangeringa dykkar).
  6. Kor i verda kjem dei mektigaste menneska frå?
  7. Er det slik at det er likestilling på denne lista?
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2017

Læringsressursar

Makt og avmakt