Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Befolkningseksplosjonen

Det er ein stor befolkningsvekst i verda. Kva for utfordringar står vi overfor på bakgrunn av denne veksten?
Studenters foreldre på sovematter på et universitet i Kina
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Nemn minst to årsaker til at befolkninga veks så raskt som ho gjer i dag.
  2. I kva for verdsdel bur den største delen av verdas befolkning?
  3. I 1950 utgjorde Europa over 20 prosent av verdas befolkning. Korleis har utviklinga vore fram til i dag? Og korleis vil utviklinga fortsetje fram til 2100?
  4. Kva med Afrika? Sjå på utviklinga av befolkningsdelen i Afrika samanlikna med Asia i same periode som du gjorde med Europa.

Oppgåve 2

På same tid har vi den yngste befolkninga i verda nokosinne, men også den eldste. Nemn to utfordringar ved a) den store delen unge i utviklingsland, b) den store delen eldre.

Oppgåve 3

Kva for andre utfordringar møter vi i ei verd med stor befolkningsvekst?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2017

Læringsressursar

Verda blir mindre