Hopp til innhald

Fagstoff

Balanse

I tillegg til å lage ei oversikt over inntekter og kostnader må vi òg lage ei oversikt over situasjonen frå vi starta og fram til og med siste periode.
kuleramme. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan ta utgangspunkt i eit lån som du fekk av foreldra dine for å kjøpe eit musikkanlegg. Det kan vi setje opp slik:

EigedelLån
Musikkanlegg15 000Mor og far15 000
Sum15 000Sum15 000


Dette er ein enkel balanse.

Dersom det var slik at du sjølv hadde spart 5000 kr og deretter lånt 10 000 kr, ville balansen sett slik ut:

EigedelEigenkapital og lån
Musikkanlegg15 000Eigenkapital5 000
Mor og far10 000
Sum15 000Sum15 000


Som du ser, set vi opp kvar pengane kjem frå, finansieringa, på høgre side. Det vi bruker pengane til, står på venstre side.

Dersom du hadde betalt tilbake 3000 kr på lånet, kunne vi sett opp balansen slik:

EigedelEigenkapital og gjeld
Musikkanlegg15 000Eigenkapital8 000
Gjeld7 000
Sum15 000Sum15 000


Eigenkapitalen, din eigen del av finansieringa, har auka, og lånet er redusert. Vi har no valt å kalle lånet gjeld.

For blomsterbutikken kunne balansen sett slik ut:

Balanse
EigedelarEigenkapital og gjeld
Inventar150 000Eigenkapital100 000
Varebil250 000

Varelager125 000Gjeld500 000
Bank75 000
Sum600 000Sum600 000


Balansen viser altså korleis det samla står til i bedrifta på eit tidspunkt. Tidspunktet kan vere ved oppstart, ein opningsbalanse, som for blomsterbutikken. Men balansen kan òg setjast opp etter at ein periode er avslutta. Då ser vi den samla økonomiske stillinga eller situasjonen så langt.

Balansen er altså eit oversyn over korleis det har gått frå bedrifta starta og til og med siste periode. Her ser vi verdien av eigedelar, gjeld og eigenkapital som bedrifta samla har.

Eigenkapitalen viser kor mykje eigarane «eig» av firmaet. Dersom dei har gått med overskot siste året, har eigenkapitalen auka. Vi sluttfører resultatrekneskapen og overfører årsresultatet til eigenkapitalen, slik vi har illustrert her:

Resultatrekneskap
KostnaderInntekter
Varekost200 000Sal400 000
Andre kostnader150 000

Overskot50 000

Kontroll400 000 400 000
Balanse
EigedelarEigenkapital og gjeld
Inventar150 000Eigenkapital
Overskot
100 000
50 000
Varebil250 000

Varelager140 000Gjeld500 000
Bank110 000
Sum650 000Sum650 000

No ser du at eigenkapitalen har auka til 150 000 kroner. Etter ein periode vil også nokre av dei andre postane i balansen ha endra seg. I resultatrekneskapen fangar vi altså opp korleis det har gått i perioden, medan balansen viser korleis det samla står til med bedrifta.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.08.2017

Læringsressursar

Å drive eigen bedrift