Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver, det demokratiske systemet

Finn ut kven som representerer ditt fylke på Stortinget.

Oppgåver

Stortingssalen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. a) Gå inn på stortinget.no og finn ut kven som representerer ditt fylke på Stortinget. Undersøk vidare om ein eller fleire av representantane frå ditt fylke har engasjert seg i lokale saker det siste året. b) Set deg inn i saka du har funne. Kva for ulike svar eller løysingar har dei ulike partia i ditt lokalmiljø?
  2. Utanlandske borgarar kan røyste ved kommune- og fylkestingsval etter at dei har budd i Noreg i over tre år, men dei kan ikkje røyste ved stortingsval. Er du einig i denne ordninga? Kva trur du grunngivinga kan vere for å gi innvandrarar røysterett?
  3. Lag ei oversikt over dei partia som er representerte på Stortinget i dag. Del inn klassen i grupper, der kvar gruppe får ansvar for eitt parti. Førebu og hald eit kort foredrag om historia til partiet og dei sakene som er viktige for partiet i dag.
CC BY-SARettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 14.08.2017

Læringsressursar

Det demokratiske systemet i Noreg