Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag din eigen versjon av eit portrett

Kollasj med forskjellinge versjoner av samme portrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No er det din tur!

  • Last ned det ubehandla portrettet nedanfor og del det i klassen.
  • Kvar elev etterbehandlar biletet og leverer inn ein ferdig tilarbeidd versjon.
  • Samanlikn resultata. Dette vil gi mange eksempel på kor mykje etterbehandling har å seie for det ferdige resultatet.
  • Last gjerne dei ferdige bileta opp på Instagram og tagg dei med #ndlaportrettet!
  • Del, og ta samtidig ein kikk på kva andre elevar har gjort med biletet!
Portrett av modell med svarte remser framfor ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NB: Dette portrettet er rettsklarert til denne bruken. Hugs at også andre bilete du bruker i etterbehandlinga, for eksempel om du ønskjer å leggje inn ein bakgrunn, må vere tillatne å bruke på denne måten.

Tips

For å få biletet ut på Instagram frå datamaskinen din kan du for eksempel sende det som vedlegg til deg sjølv på e-post, bruke dropbox eller fysisk kople mobilen til datamaskinen og overføre biletet. Hugs å velje filformat og storleik som eignar seg for nettbruk!

Dersom du ikkje ønskjer å bruke din eigen Instagram-konto, kan klassen eller skulen gjerne lage ein felles konto der de lastar inn dei bileta de lagar.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Biletredigering