Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for muraren

Ein murar jobbar på både små og store byggjeplassar. Materiale og verktøy er ofte tunge å handtere og få på plass. Det er derfor viktig å ta omsyn til kroppen sin. Ein murar jobbar også med mange typar verktøy og utstyr som krev gode HMS-rutinar.
Murar som slår på ein stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Byggjeplass

Ein murar har mange ulike arbeidsoppdrag, frå store konstruksjonar til små og enkle oppdrag. I alle typar oppdrag er det like viktig å tenkje risiko og HMS. Det er ikkje nødvendigvis på store byggjeplassar det skjer uhell. Det er kanskje ved dei mindre jobbane der ting skal løysast fort og «effektivt», at uhellet kjem.

Ein føresetnad for at ting skal gå bra, er at ein alltid tek nødvendig omsyn til dei elementa på ein byggjeplass der risikoen er stor.

  • Bruk riktig personleg verneutstyr tilpassa det du driv med.
  • Bruk riktig og godkjent løfteutstyr der det er påkravd.
  • Ved arbeid i høgda må nødvendig stillas og/eller sikringsutstyr brukast.
  • Ta omsyn til arbeidskollegaer.

Innanfor murarfaget er det spesielt viktig med vernebriller og høyrselsvern ved deling av blokkprodukt. Du må ha støvmaske ved blanding av mørtel og elles alltid tilpassa personleg verneutstyr til den enkelte jobben. Det er viktig at det blir lagt til rette for ei god og sikker arbeidsplattform å jobbe på. Dette gjeld uansett høgd og arbeidsoperasjon.

Dersom desse elementa ikkje er på plass eller ikkje fungerer som forventa, så må ting utbetrast eller skaffast før arbeidet held fram.

Hugs alltid å føreta risikovurdering () før eit oppdrag startar opp.

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Muraren