Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotojakt etter former

Ta med fotoapparat og gå på jakt. Bruk 20 minutt på å sjå etter ikon og logoar. Ta bilete av det du kjem over.
Kvite tennissko med Converse-logo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sorter bileta etter

  • geometriske former som sirklar, firkantar og trekantar
  • organiske former
  • former som ikkje passar i nokon av kategoriane over

Reflekter

  • Finn eit symbol du meiner har god samanheng mellom form og kva logoen representerer.
  • Begrunn kvifor du meiner samanhengen er god.
  • Finn eit symbol du meiner har dårleg samanheng mellom form og kva logoen representerer.
  • Kva blir feil?

Lever arbeidet etter avtale med læraren din.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2017

Læringsressursar

Komposisjon