Hopp til innhald

Fagstoff

Kulør, metting og valør i fargar

Har du opplevd at det kan vere vanskeleg å få andre til å forstå kva farge du meiner når du skal beskrive ein farge? Viss du skal bruke visuelt språk for å beskrive og snakke om fargar, er det tre omgrep du bør forstå og kunne bruke: kulør, metting og valør.

Før du lærer fagomgrepa som beskriv fargar, kan gjerne klassen prøve ut dette gruppearbeidet om fargar. Kor nøyaktig klarer de å beskrive fargar utan å bruke fagomgrep?

Sjølv om vi bruker same fargenamn, kan vi ha ulik oppfatning av korleis fargen ser ut. Fagomgrep gjer det lettare å kommunisere presist om fargar.

Kulør. Illustrasjon.
  • Kulør beskriv kva farge i fargesirkelen det er snakk om. Er han blå, gulgrøn eller lilla?

Metting. Illustrasjon.
  • Metting seier noko om fargeintensiteten. Kor sterk er fargen? Viss ein farge er blanda ut med svart, kvitt eller grått, har han lågare metting og intensitet enn ein rein farge som ikkje er blanda ut.

Valør. Illustrasjon.
  • Valøren fortel oss kvar fargen høyrer heime på ein lysheitsskala frå svart til kvitt.

Sjå for deg at du legg fargesirkelen rundt ein sylinder som går frå kvitt i toppen til svart i botnen. Viss fargesirkelen kjem tett på sylinderen med gråtonar, går det ut over mettinga, og fargen blir uklar og utblanda.

Viss du held fargesirkelen langt unna sylinderen med gråfarge, blir den opphavlege, reine fargen behalden. Flyttar du fargane høgt opp og tett på sylinderen, får du ein farge som er blanda ut med mykje kvitt, mens du i botnen får ein farge med mykje svart.

Grafikk av Munsell-fargekart frå 1929. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

To tilnærmingar for å beskrive fargar

To hovudtypar av fargemodellar tek utgangspunkt i denne måten å vurdere fargar på. HSV-systemet (hue, saturation, value) tek utgangspunkt i reinleiken og fargegløden til fargen. Når ein skal beskrive fargar etter dette systemet, blir den heilt reine kuløren tildelt maksimalverdi, mens svart, kvitt og nøytrale gråtonar har dei lågaste verdiane.

HSL-systemet (hue, saturation, luminance) tek utgangspunkt i lysheita til fargen i forhold til ein gråskala. Der får kvitt den høgaste verdien, svart den lågaste. Den reine utgåva av fargen, kuløren, får middelverdien og kan beskrivast ut frå kor mørk eller lys fargen hadde vore viss han hadde blitt gjord om til ein gråtone. Munsell-fargesystemet og det standardiserte CIELab-fargerommet er baserte på denne tankegangen.

HSV- og HSL-fargekart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2022

Læringsressursar

Fargar