Hopp til innhald

Fagstoff

Firmaprofilering og logo

Som enkelpersonar presenterer vi oss visuelt ved bruk av symbolske markørar. Det gjeld både kva vi har på oss, og kva for ting vi omgir oss med. Firma eller organisasjonar presenterer seg ved hjelp av ein visuell profil.
Piccadilly circus med logoer og reklameboards. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For firma og organisasjonar er det viktig å ha ein grafisk profil som representerer det dei står for, og som gjer at dei blir attkjend som eit merke. Det viktigaste i den grafiske profilen er sjølve kjenneteiknet for bedrifta eller organisasjonen: logoen.

Les om merkevare i artikkelen frå Store norske leksikon (snl.no)

Det typiske for en merkevare er at merket gir en tilleggsverdi i forhold til varen for øvrig. Fenomenet blomstret opp fra slutten av 1800-tallet, i takt med forbedringen av transportmulighetene. Nasjonale, senere globalt markedsførte, merkevarer utkonkurrerte etter hvert lokale, ved hjelp av reklamemedia som presse og etter hvert kringkasting.

Føremålet med utforminga av ein logo og visuell profil for ei bedrift er ofte for å styrke og gjere tydelegare ei merkevare. Få logoar blir merkevarer.

Det er likevel nokre kjenneteikn for kvalitet som går igjen når du skal lage ein logo:

  • Han må skilje seg ut.
    Det er lov å la seg inspirere, men ikkje å kopiere. Då stel du andre sin kreativitet!
  • Han må vere enkel og lett å hugse.
    Ein tommelfingerregel er å framheve kun eitt særtrekk i ein logo, ikkje fleire.
    Dette krev lite detaljar og få fargar.
  • Han må vere skalerbar.
    Tekst og ikon må vere tydeleg i både små og store storleikar.
    Dette krev at han blir produsert som vektorgrafikk.
  • Ein god logo har maks to tydelege fontar.
    Skrifta som blir brukt, må også passe saman med ikonet.
  • Fargar og former må gi dei rette assosiasjonane.
  • Han må representere avsendaren på ein god måte.
    Bruk det du kan om farge- og formsymbolikk.
  • Han må vere tidlaus.
    For å etablere eit merke må logoen vere varig, så ver forsiktig med trendar!
  • Han fungerer både i fargar, gråtonar og svart-kvitt.

Oppdragsgivar og målgruppe

Når du får i oppdrag å lage ein logo, bør du først finne ut kven oppdragsgivaren er:

  • Kva står oppdragsgivaren for?
  • Kva produserer oppdragsgivaren?
  • Kva er oppdragsgivaren god til?
  • Korleis ønskjer oppdragsgivaren å bli oppfatta?

Det er også av interesse i å finne ut kven som er målgruppa for oppdraget.

  • Kva appellerer til målgruppa?
  • Kva ventar dei av oppdragsgivaren din?

Dei fleste set nok pris på at det er reinsleg hos tannlegen, og at tannlegen er forsiktig og nøyaktig. Då bør logoen stråle ut det, mens det kanskje er andre eigenskapar som bør vektleggjast i logoen til ein ishockeyklubb.

Idéarbeidet

Jobb grundig med idéarbeidet og teikn mange skisser! Enkelte logoar består berre av skrift, men mange består av eit ikon saman med namnet til bedrifta som logoen representerer. Eit enkelt og tydeleg ikon kan gjere logoen lettare å hugse og kjenne igjen.

Bedriftsnamn i logotypen?

Det kan vere freistande å droppe teksten og berre lage eit symbol som skal representere bedrifta. Du kan sikkert ramse opp mange merke som blir kjenneteikna kun ved eit symbol eller ein bokstav?

Enkelte bedrifter kan utelate namnet i logotypen fordi dei er veletablerte og godt kjende. Men då dei var nyetablerte hadde dei eit avsendarnamn i logoen. Dei fleste bedrifter blir aldri så kjende at ein kan droppe bedriftsnamnet i logoen.

Terninger med logoar. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2017

Læringsressursar

Grafisk design