Hopp til innhald

Fagstoff

Stilisering og abstrahering

Det kan vere vanskeleg å sjå kva ei abstrakt form skal førestille. Ei konkret form er meir røyndomsnær eller naturleg. Stilisering tyder å forenkle eit uttrykk slik at det passar til ein bestemt stil.
Manga stilisering. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Abstraksjon

Ein abstraksjon er eit tenkt fenomen som vi ikkje kan ta og kjenne på. I grafisk design blir omgrepet abstraksjon brukt om noko som har ei attkjennande, men ikkje realistisk form. Det er ein forenkla versjon av røyndomen, der detaljar og uvesentlege element er tekne vekk og særtrekk blir framheva. Strekmenn er for eksempel abstraheringar av personar, og kart er forenklingar av landområde.

Stilisering

Ei spesiell form for abstraksjon blir kalla stilisering. Dersom du skal stilisere noko, tyder det at du bruker ein metode for å forme om og forenkle eit uttrykk inn i ein bestemt stil. Ein slik stil kan vere ein kunsthistorisk periode som art nouveau, pop art eller kubisme. Det kan også tyde at du tilpassar uttrykket ditt til ein bestemt sjanger – som teikneseriar, eller at du rett og slett har din eigen stil!

Ulike visuelle fremstillinger av hest. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyret du bruker, styrer kva slags uttrykk du får. Ein sirkel får fire forskjellige stilar dersom du teiknar ein versjon med blyant, lagar han i eit illustrasjonsprogram på datamaskinen din, målar han med akvarellmåling eller klipper han ut i kartong.

Consoul

I denne filmen blir livet til ein mann fortalt med 8-bits videospel-grafikk og lydbilete som passar til:

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2017

Læringsressursar

Formuttrykk