Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva grunnform ser du i logoen?

Logoar består av former og fargar. Fargar har ofte ei symbolsk tyding. På same måten skaper også former bestemde assosiasjonar.
Oppstilling av ulike logoer. Grafisk.

Har du nokon gong lurt på om du skal bruke kanta eller runde bilete – og kva som skjer med uttrykket om du frilegg biletet? Har du prøvd å vere kreativ med forma på tekstboksar, for eksempel? Det er ikkje tilfeldig kva former som blir valde og brukte av profesjonelle grafiske designarar når ei bedrift eller ein organisasjon skal ha ein visuell profil.

  • Diskuter med ein klassekompis kva grunnformer som går att i logoane ovanfor. Er det trekantar, sirklar eller firkantar? Ser de kanskje fleire former i same logo?
  • Diskuter kvifor desse formene går att. Kva kan vere grunnen til at formgivaren har valt nettopp dei?

Tips

Søk gjerne opp organisasjonen på nett og finn ut kva han driv med, og kven som er målgruppa. Då får de betre grunnlag for diskusjonane.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2017

Læringsressursar

Komposisjon