Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstur og struktur

Overflateverknaden eller stofflegheita til eit materiale blir kalla tekstur. Teksturar kan for eksempel vere glatte, ru, mønstra, sleipe, hårete eller piggete. Strukturar er bygde opp av former som blir oppfatta meir som menneskeskapte.
Fotomontasje av ni bilete som syner ulike teksturar. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstur er eigenskapar ved overflata

Teksturen kan vere taktil eller ein illusjon. Taktil tyder at du faktisk kan kjenne overflata dersom du rører ved henne, mens ein illusjon tyder at overflata ikkje er ekte, men at ein kan førestille seg kjensla av henne når ein ser på henne. Teksturar kan brukast til å understreke former, kontrastar, kjensler og djupn.

Assosiasjonar som vi forbind med ulike teksturar, kan fortelje oss om flata er

  • sterk
  • kald
  • skjør
  • grov
  • frodig
  • laus
  • mjuk

Det kan du bruke medvite for å gjere uttrykka dine meir interessante, realistiske eller for å skape meir djupn.

Struktur er menneskeskapt

Når du set saman to eller fleire objekt, dannar dei ein struktur. For å beskrive ein struktur må vi kunne oppfatte at synlege eller usynlege linjer blir trekte mellom objekta i ein komposisjon. Nokre strukturar er regelbundne, mens andre ser meir tilfeldige ut. Strukturar kan, som teksturar, skape interessante uttrykk. Forskjellen er at strukturar er bygde opp av former som blir oppfatta som meir menneskeskapte. Teksturar framstår derfor som meir naturlege og uføreseielege enn strukturar.

Både teksturar og strukturar kan brukast som bakgrunn der du elles ikkje ville hatt noko som helst. Dei kan fylle tomrom, gi volum til element i komposisjonen eller skape kontrastar og trekkje til seg merksemd.

Pass opp!

Tekstur og struktur kan vere veldig morosamt å jobbe med, men for mykje mønster kan fort stele merksemda frå bodskapen. Særleg kan urolege bakgrunnar gjere tekst mindre lesbar. Hugs at den viktigaste jobben din som designar er å underbyggje og presentere bodskapen.

Tekstur i kunstmåleri

Soverom i Arles av Vincent van Gogh. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måleriet «Soverom i Arles» er laga av den verdenskjende, nederlandske kunstnaren Vincent van Gogh, i 1889. Van Gogh var kjend for å modernisere måleteknikkar. Han jobba med å uttrykkje ulike stemningar gjennom, blant anna, å eksperimentere med tekstur.

Dette var eit tydeleg brot med tradisjonelle teknikkar brukt av tidlegare målarar som jobba med å framstille verkelegheita så realistisk som mogleg.

Sjå og vurder

Ein nolevande kunstnar, Roy Lichtenstein, har måla sin eigen versjon av «Soverom i Arles». Undersøk måleriet hans her:

Roy Lichtensteins måleri «Soverom i Arles»

  • Kva vil du seie kjenneteiknar teksturen i måleriet hans?
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2017

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon