Hopp til innhald

Fagstoff

Måleeiningar og matematikk i grafisk design

Strukturar og mønster kan skapast ved å repetere kjenneteikn taktfast eller rytmisk. Du kan spegle objekt om seg sjølve eller andre objekt i komposisjonen, rotere dei, forstørre, forminske eller la dei følgje banar og former for å antyde rørsle og fart.
Forskjellige typar mønster. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi snakkar om styrke i komposisjon, er det forhold og proporsjonar vi eigentleg meiner. I omgrepet styrke ligg alle variasjonar som finst, frå stort til lite, lyst til mørkt, hardt til mjukt, fargesterkt til grått og lita til stor gjennomsikt, også kalla opasitet.

Mønster og matematikk

Når du skal jobbe visuelt med mønster og styrkeforhold, kjem matematikkunnskapane dine til nytte i designarbeidet.

Det er ulike målesystem som blir brukte for å beskrive styrken til designelementa:

  • Storleikar og format blir som oftast målte i millimeter for trykte medium og i pikslar på skjerm.
  • Skrift blir målt i punkt.
  • Linjetjukkleik blir målt i punkt, mens linjelengda blir målt i millimeter.
  • Fargar i CMYK- og RGB-systema blir beskrivne gjennom fargekodar som seier kor mykje av kvar primærfarge som er med i fargeblandinga. Kvar av fargane i CMYK blir målte i prosent, mens intensiteten til kvar av RGB-fargane blir representerte på ein skala frå 0 til 255.
  • Opasitet (gjennomsikt) blir målt i prosent.

Du treng også matematiske omgrep for å beskrive kvar element er plasserte, og korleis dei stiller seg til kvarandre:

  • X- og Y-koordinatar fortel kvar objekt er plasserte i flata.
  • Rotasjon og vinklar blir målte i gradar, frå 0 til 360.
  • Symmetri og asymmetri blir brukt til å beskrive korleis element stiller seg til midten av komposisjonen.
  • Objekt kan vere parallelle, eller stå i eit vinkla forhold til kvarandre.
  • Element kan vere frie, tangerande eller overlappe kvarandre.
  • Spegling kan skje om objektet sin eigen akse eller om eit anna objekt.

Tips

For å halde orden på komposisjonen din bør du notere deg korleis du har brukt desse verkemidla.

  • Kor mange gradar roterte du objektet?
  • Kor mange prosent gjennomsikt har du brukt?
  • Kor langt flytta du eit objekt bort frå dei andre?
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2017

Læringsressursar

Komposisjon