Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er visuelt språk?

Når du lagar eit medieuttrykk, er målet å presentere bodskapen slik at han blir forstått på den måten det var meint. Jobben din som designar er å gi forteljinga ein utsjånad som forsterkar det avsendaren vil formidle. Då må du bruke eit visuelt språk.
Øye ser gjennom et hull i et papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som designar, filmfotograf, illustratør eller fotograf jobbar du innanfor eit område som blir kalla visuell kommunikasjon. «Visuell» tyder at vi kan oppfatte det med synet. «Kommunikasjon» er å dele tankar med andre menneske – at vi formidlar noko. For å få til det bruker vi visuelt språk. Føremålet er å få utsjånaden til å stemme med innhaldet.

Munnleg og skriftleg verbalspråk har reglar for korleis orda bør stavast, uttalast og setjast saman til setningar. Visuelt språk har ingen grammatikk eller absolutte reglar. Likevel kan visuelle uttrykk klassifiserast og analyserast.

Det er mogleg å beskrive alle delane som ein komposisjon består av, og korleis desse objekta er organiserte i høve til kvarandre. Det visuelle språket du kan bruke når du skal beskrive og snakke om design, består blant anna av omgrepa

  • fargar
  • linjer
  • former og luft
  • teksturar og strukturar
  • styrke

Øving

Ta utgangspunkt i ein barnesong de kjenner godt.

Bruk nokre minutt til å diskutere korleis de ville uttrykkje stemninga i barnesongen visuelt. Tenk dykk eit mønster som skal visualisere songen i ei musikkliste på til dømes Spotify.

Prøv å bruke omgrepa over i beskrivinga av ideen.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2017

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon