Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk ein haldningskampanje

Kva skal til for å lykkast med ein haldningskampanje?

I denne undervisningsfilmen undersøkjer skuleelevane Hilde og Tarjei ein filmserie som er ein del av ein haldningskampanje i regi av Blindeforbundet. I byrjinga av undervisningsvideoen får du sjå ein av desse filmane.

Du kan sjå fleire på YouTube, blant anna denne: Blind i arbeid.

  1. Kva problemstilling er det Blindeforbundet ønskjer å ta tak i i denne haldningskampanjen?
  2. Kva planlagd kommunikasjon ligg bak formidlinga av historia i dei små filmsnuttane som inngår i kampanjen?
  3. Kva haldningar skal endrast?
  4. Kva verkemiddel blir brukte for å endre haldningar?
  5. Kva utfordringar ser reklamebyrået Try ved det å endre haldningane til folk?
  6. Kva meiner Try skal til for å lykkast med ein haldningskampanje?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Produksjon av kommunikasjonsarbeid