Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis bør vi debattere?

Oppgåve 1: Sjølvsensur og politisk korrektheit

Sjå videobloggen «Å ja, ta svartingen!». I videoen uttaler Maria Stavang seg om «svartingar» og rasisme.

I dette eksempelet ser vi at programleiar Emma Clare utforskar fenomenet intimkirurgi (NRK dokumentar, 40 min).

Diskuter i klassen:

  1. På kva måte er kvar av dei to kvinnene politisk korrekt eller ikkje politisk korrekt?
  2. Driv desse to kvinnene med sjølvsensur? Eller gjer dei ikkje det? Grunngi svara.

Oppgåve 2: Å følgje med på debatten

  1. Kva skal til for at debatt er spennande å følgje med på eller delta i?
  2. Er det nok at debatt er viktig for samfunnet, eller må tema engasjere?
  3. Gi eksempel på debatt som har engasjert, og eventuelt tema som ikkje engasjerer.
  4. Har du nokon gong sjølv delteke i debatt? Kvifor? / Kvifor ikkje?
  5. Har du nokon gong late vere å ytre deg i ei sak av frykt for å støyte nokon? Gi eksempel, og forklar kvifor ikkje.

Oppgåve 3: Formuler ei eiga meiningsytring og eigenvurdering

Oppgåva kan du løyse åleine eller i samarbeid med nokon, etter avtale med læraren din.

  1. Vel rasisme, intimkirurgi, miljø eller eit tema du er engasjert i.
  2. Vel ein mediekanal for ytringa.
  3. Formuler meininga di tilpassa kanal, og få med argument som underbyggjer kvifor andre skal svare deg, eller ha same haldning som deg.
  4. Skriv ein refleksjon over: Kva vil du ytringa di skal bidra til å endre av haldningar? Og: Vurder i kva grad du er politisk korrekt og driv med sjølvsensur.
  5. Avtal levering av arbeidet, eventuelt publisering, med læraren din.
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2017

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur