Hopp til innhald

Fagstoff

Kva type selskap?

Mange som startar ei bedrift, gjer det først gjennom å etablere eit enkeltpersonføretak. I eit enkeltpersonføretak er du personleg ansvarleg for bedrifta og økonomien i bedrifta. Når verksemda veks, er det vanleg å skifte selskapstype til aksjeselskap, AS.
En person jobber på sin bærbare pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den vanlegaste selskapsforma er aksjeselskap. Selskapet er då delt i fleire partar (aksjar), som kan eigast av ein eller fleire aksjonærar. I motsetning til enkeltpersonføretaket har ingen av aksjonærane personleg ansvar for økonomien til selskapet. Dei kan berre tape det aksjeinnskotet som dei har betalt inn til selskapet. Dersom selskapet skuldar pengar til kreditorar, kan ikkje kreditorane krevje desse pengane tilbake av eigarane personleg. Derfor er det ei rekkje reglar i aksjelova som set grenser for kor mykje pengar eigarane kan ta ut frå selskapet. Eit aksjeselskap skal ha ein aksjekapital på minst 30 000 kroner.

Alle bedrifter, uavhengig av selskapstype, skal registrerast i føretaksregisteret før dei startar drifta.

Finansiering

Det kostar å etablere ei bedrift. Du må betale for lokale, maskinar, råvarer, utstyr til kontorhald – og det viktigaste, arbeidskraft. For dei fleste bedrifter er lønnskostnadene den største enkeltutgifta. Du må selje inn forretningsideen din til ein forretningsbank, ein sparebank eller eit forsikringsselskap som har pengar å låne ut. Ofte må du òg bruke av dine eigne oppsparte midlar. Det vil seie at når du satsar på bedrifta di, risikerer du òg å tape det du har investert. Samtidig finst det mange offentlege støtteordningar som kan hjelpe deg med kapital i oppstartsfasen. Innovasjon Noreg har til dømes eit eige program for gründerar. I tillegg finst det mange ordningar for etableringsstøtte innanfor dei ulike bransjane i næringslivet.

Kven hjelper deg?

Både kommunen du bur i, fylkeskommunen og staten kan hjelpe deg når du skal starte ei bedrift. Kommunen og fylket gir råd om dei reglane, lovene osv. som gjeld ved etableringa. Dei kan òg kome med nyttige synspunkt på forretningsideen din. Minst like viktig er det at du spør nokon du kjenner som alt har sett draumane sine ut i livet og har skapt ei bedrift. Det finst òg bøker og nettsider som handlar om det å starte ei bedrift. Staten sin nettstad altinn.no har til dømes ei eiga avdeling med råd og tips om korleis du startar ei bedrift. Her er det òg elektroniske lenkjer til søknadsskjema og annan viktig informasjon.

Det offentlige kontrollerer

Mange bedriftseigarar blir overraska over kor mykje arbeid som må leggjast ned i å rapportere til staten og kommunen. Bedrifta di blir ein del av storsamfunnet. Til Brønnøysundregistra leverer du rekneskap og annan informasjon som staten ønskjer å samle inn. Du skal betale skatt, arbeidsgivaravgift, trygdeavgift og meirverdiavgift (MVA). Slik er bedrifta di med på å finansiere fellesoppgåvene i storsamfunnet. For at skattlegginga skal vere rettferdig og følgje lover og forskrifter, følgjer det offentlege godt med på verksemda til bedriftene. Somme kan oppleve det som for mykje kontroll og byråkratisering. Andre ser at det er nødvendig for at vi skal ha tillit til at produksjon og tenesteyting skjer innanfor ramma av norsk lov.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 27.03.2017

Læringsressursar

Å drive eigen bedrift