Hopp til innhald

Fagstoff

Tema og reglar i den offentlege debatten

Offentleg debatt er naudsynt i eit levande demokrati. Media er ein viktig arena for meiningsutveksling om både store og små saker. Debattar kan vere uformelle eller gå føre seg etter detaljerte reglar.
Fire bunadskledde kvinner med knytt neve og banner med teksten "Bunadsgeriljaen" framom Stortinget i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Debatt og debattreglar

Ein debatt er ei organisert eller spontan meiningsbryting som gjerne går føre seg i eit avgrensa tidsrom innanfor eitt tema.

Ein TV-debatt har stram regi, streng debattleiing og skjer innanfor eit gitt tidsrom.

Ein politisk debatt på Stortinget blir leidd av stortingspresidenten eller ein visepresident. Debatten går strukturert føre seg, men meir tid er sett av til forhandlingane enn i utvekslinga av argument i ein TV-debatt.

Teikningar som viser handteikna som kan brukast i diskusjonar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein debatt i klasserommet kan læraren eller utvalde elevar vere møteleiar. Vanlege debattreglar er at du held ein finger i vêret for å få halde eit innlegg, altså om du vil kome med eit nytt argument i ei sak. Du held to fingrar i vêret for å kome med ein replikk, altså eit svar eller ein kommentar, på nokon andre sitt innlegg. Held du handflata over fingertuppane med to hender, betyr det at du vil kome med ei saksopplysning. Møteleiaren passar på at deltakarane følgjer debattreglane og kjem til orde etter tur.

I sosiale medium, i pressa og i ulike sosiale samanhengar oppstår det debattar som kan vere meir diffuse; dei har ingen klare formål eller tydelege debattleiarar. Her gjeld det å bruke folkeskikk og halde seg til saka.

Kva blir debattert i den offentlege debatten?

Lokalpolitiske saker, som vegbygging, kollektivtransport eller nedlegging av skular, vil ofte oppta mange. Det same gjer store tema som krig, miljø og religion. Saker som desse har sin naturlege plass i den offentlege debatten.

Nokre meiner at kosthald og trening er personlege tema og ikkje samfunnstema. Det bør derfor ikkje vere noko som blir diskutert i avisene. Andre vil seie at alt som kan lære oss noko om kven vi er, og korleis vi skal leve liva våre, er viktige tema i samfunnsdebatten.

Alvorlege, personlege hendingar, som til dømes kreft eller valdtekt, kan bli brukte i samfunnsdebatten som utgangspunkt for å diskutere kvaliteten ved sjukehusa eller om rettssystemet er godt nok.

Diskuter med ein medelev

Vel nokre av temaa nedanfor, og diskuter kva som kjenneteiknar debatten om desse temaa når han går føre seg i privat samanheng, og når han går føre seg i offentlegheita.

Tabell som viser 16 ulike tema ein kan diskutere. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Thorsen, D. E. (2021, 18. august). Debatt. I Store norske leksikon. https://snl.no/debatt



CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Offentlegheit og media si makt