Hopp til innhald

Fagstoff

Lyset sine karakteristikkar

Uansett om du bruker sola eller ei lommelykt som lyskjelde, så vil lyset ha tre ting til felles: Det har ei bestemt retning, det har ein bestemt intensitet, og det har ein fargetemperatur.
Lysmåleri av jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Retning på lyset

Retninga på lyset handlar om at lyset i eit bilete kjem frå ein bestemt stad, anten det er sola på himmelen over deg, eller atterskinet frå ei billykt.

  • Frontallys er lys som kjem rett forfra mot modellen. Denne retninga skapar minst djupnekjensle fordi skuggane ligg bak modellen, og portrettet får liten tonevariasjon. Biletet verkar flatt og todimensjonalt.
  • Frontal lyssetting på en dukke. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Sidelys er lys som kjem frå høgre eller venstre side. Eit sidelys vil gi både høglys og skuggar i eit ansikt. Dette skapar ei djupnekjensle, og motivet framstår meir tredimensjonalt. Sidelys er den mest brukte lysretninga.
  • Dukke fotografert med sidelys. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Motlys betyr at lyset kjem frå bakgrunnen mot kamera. Det gir ei ganske dramatisk lyssetting. Om motlys blir brukt åleine, får vi berre sjå ein silhuett av gjenstanden eller modellen. Motlys er derfor sjeldan brukt heilt åleine, men ofte som «hårlys» i kombinasjon med frontlys eller sidelys.
  • Dukke fotografert med motlys. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Høgdeplassering. I tillegg til at lyset kan komme frå høgre eller venstre side, kan lyskjelda vere plassert høgt eller lågt. Dette er også med på å forme stemninga i biletet. Når du stiller inn høgda på lyskjelda, bør du som ein hovudregel unngå at auga blir for mørke. Du må også hugse at lyssettinga skal vere naturleg. Derfor bør lyskjelda alltid komme ovanfrå, slik sollyset gjer utandørs.

Intensitet

Lyset kan vere veldig kraftig, slik direkte sollys er frå klar himmel, eller det kan vere meir forsiktig, slik sollyset er når det er skyer på himmelen. Vi snakkar her om skilnaden på hardt og mjukt lys og korleis intensiteten på lyset er med og avgjer stemninga i bileta dine.

Kollasj av to portrett med myk og hard lyssetting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit hardt lys er eit kraftig lys slik ein får av ei samla lysstråle. Det harde lyset framstår intenst og lagar kraftige skuggar med korte overgangar mellom høglys og skugge. Hardt lys blir ganske ofte brukt i sjangeren motefotografering.

Mjukt eller diffust lys er eit mindre intenst lys. Det har eit stort diffusjonsområde. Det tyder gradvis overgang frå høglys til skugge. Kor stort eller lite diffusjonsområde lyset ditt lagar, avheng av tre forhold:

  1. Kor lang avstand det er mellom lyskjelda og objektet: Jo nærmare lyskjelda er plassert objektet du fotograferer, desto mjukare blir lyssettinga.

    Dukke fotografert to ganger med forskjellig avstand til hovedlyset. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  2. Kor stor lyskjelda er: Ei stor lyskjelde vil alltid lage eit mjukare lys, sidan lyset blir sendt ut i ein breiare vinkel enn lyset frå ei lita lyskjelde.

    Dukke fotografert med forskjellig størrelse for hovedlyset. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  3. Kva slags type forsats du bruker saman med lyskjelda: Ein forsats som styrer lyset direkte mot fotoobjektet, gir eit hardare lys enn ein forsats som dempar og spreier lyset over eit større område.


    Kollasj med forsatser.  Softboks, paraply, reflektor og snoot. Foto.
    Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå gjerne denne videoen som illustrerer forskjellen på Hardt og mjukt lys.

Fargetemperatur

Ulike lyskjelder har ulik fargetemperatur. Nokre lyskjelder gir eit varmt lys, andre eit kaldt lys. Om lyset er kaldt eller varmt, blir kalla lyset sin fargetemperatur, og denne temperaturtypen blir målt i Kelvin-grader.

Du har sikkert lagt merke til at bileta ein tek innandørs, ofte blir gulare enn bilete ein tek ute på dagtid? Det er fordi sola har ein annan fargetemperatur enn dei lyspærene vi bruker innandørs. Alle lyskjelder har sin eigen fargetemperatur, men heldigvis har alle kamera i dag moglegheita til å korrigere kvitbalansen i bileta under opptak og/eller i etterbehandlinga.

Samanlikn bileta ved å dra skiljelinja/pilene.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Lyssetjing