Hopp til innhald

Fagstoff

Måling, storleikar og einingar

Vi bruker måling i alle moglege samanhengar. Nokre gonger er det greitt med eit omtrentleg mål, men ofte er det viktig at målinga er nøyaktig og påliteleg. Vi kan vel aldri vere 100 prosent sikre på at målinga er korrekt, men vi må vite kva for feilmarginar vi opererer med.

Målingar

Tom skålvekt mot blå bakgrunn. Foto.

Å måle betyr å finne ei eller anna talbeskriving av det som skal målast. Teljing er truleg den eldste forma for måling, og antakeleg den målemetoden vi lærer først og bruker mest.

Lenge før vår eiga tidsrekning oppstod behovet for å måle landareal og omfanget av avlingar. Teikningar av ei skålvekt er funne i fleire tusen år gamle egyptiske skrifter. Slike vekter blei truleg brukte til å vege edelsteinar, frø og korn. Her i landet har skålvekta vore i bruk i over tusen år.

Alt kjøp og sal føreset at partane er einige om korleis mengde skal målast og verdi bereknast. Då er det ein stor fordel med standardiserte målemetodar og måleiningar.

Storleikar og einingar

Dei tre termometera viser at vatn frys ved 0 gradar Celsius, 32 gradar Farenheit og ved 273 Kelvin.

Har du nokon gong tvilt på at vekta er riktig, blitt forvirra når ein avstand blir oppgitt i engelske miles, eller ein storleik blir oppgitt i tommar? Det er heller ikkje så lett å vurdere kva det vil seie at det er 12 °Fahrenheit ute, dersom du berre er kjend med celcius-grader.

Behovet for å ha samanliknbare måle-einingar er openberr, og vi forventar at ein kilo er like mykje alle stader. Takka vere internasjonalt samarbeid fekk vi i 1875 , som sikrar lik forståing og definisjon av sju grunnmåleiningar baserte på det metriske målesystemet. Tre av desse kjenner du godt: kilogram (kg) for masse, meter (m) for lengde og sekund (s) for tid.

Her i landet er det Justervesenet som har ansvaret for at SI-systemet blir etterfølgt, og for å kontrollere og justere måleinstrumenta, slik at ein kilo er like mykje uansett kor vi handlar.

Skilt, fartsgrense 50 km/t. Foto.

Fysisk størrelse = måltal • eining

Kvar einaste dag les vi av eit eller anna måleinstrument. Vi les av temperatur på termometeret, masse på badevekta, tid på klokka og fart på speedometeret. Det du les av, er eit måltal – ein fysisk storleik. For at måltalet skal gi meining, må vi føye til måleininga.

Det som står på skiltet, er eit måltal. Eininga (måleininga) er underforstått kilometer per time med symbolet km/t. Fartsgrensa er altså 50 × km/t. Multiplikasjonsteiknet viser at det eigentleg er eit produkt, men det bruker vi ikkje å skrive.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Einar Berg.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2020

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar