Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til Himmelen bak huset

Novellefilmen Himmelen bak huset (2011), regissert av Steffan Strandberg og med manus av Trond Arntzen, er ein adaptasjon av Gaute Heivolls barnebok med same namn. I desse oppgåvene skal du jobbe med handlinga i filmen, karakterar og tema og undersøkje kva som skil filmen frå boka.

Oppgåver til filmen

  1. Gi ein karakteristikk av Jon. Kor gammal trur du han er? Kva gjer han? Kva for eigenskapar meiner du at du kan sjå at han har, ut frå dette korte møtet vi får?

  2. Korleis vil du beskrive forholdet mellom faren og Jon? Synest du det endrar seg gjennom filmen?
  3. Mange av scenane går svært tett på og zoomar inn på motivet, for eksempel ansiktet til Jon eller arket og blyanten når han teiknar. Kva gjer det med di eiga oppleving av forteljinga?
  4. Kvifor får ikkje Jon sove? Og kva skjer med han om nettene?
  5. Kva gjer faren med den raude tråden, og kvifor?
  6. Kva betyding har den raude tråden sett frå Jon sitt perspektiv?
  7. Kva for rolle har trehuset i hagen for Jon? Kva skjer der om natta? Og korleis tolkar du slutten, då Jon og faren snikrar på trehuset?
  8. Jon opplever at mora ikkje har noko ansikt når ho kjem til han om natta, men ho har ansikt når han «møter» henne om natta. Korleis tolkar du dette?
  9. Korleis kan du sjå at både Jon og faren er i ein sorgprosess? Grunngi svaret ditt.
  10. Tolk tittelen «Himmelen bak huset».
  11. Kva vil du seie er tema i filmen?

Oppgåver til adaptasjonen

  1. Gi ein karakteristikk av Jon ut frå det du får kjennskap til i boka. Synest du Jon er beskriven på same måten i boka som i filmen?
  2. Korleis vil du beskrive forholdet mellom faren og Jon – i boka og i filmen? Synest du forholdet blir beskrive likt i dei to media?
  3. Samanlikn forteljarperspektiva i boka og i filmen. Kva slags forteljar er det i boka? Korleis er forteljarperspektivet i filmen, det vil seie, kven sitt perspektiv ser vi forteljinga frå i filmen? Grunngi svaret ditt med å peike på verkemiddel i boka og verkemiddel i filmen som er nytta for å få fram dette forteljarperspektivet.
  4. I boka er den raude tråden det einaste som har farge av dei illustrasjonane som blir presenterte. Korleis tolkar du dette? Finn du eksempel på fargebruk i filmen som du tenkjer har betyding for forteljinga?
  5. Samanlikn møtet med mora om natta; i boka og i filmen. Kva er likt? Er det noko som ikkje er likt? Og om det er skilnadar, kvifor trur du at det er det?
  6. Korleis blir Jons draumar skildra i boka? Samanlikn skildringane av Jons draumar; i boka og i filmen.
  7. Korleis blir lyden nytta for å understreke Jons kjensler? Grunngi svaret med å peike på einskilde scenar i filmen.
  8. I boka får du ein del informasjon som du ikkje får i filmen. Lag ei liste over denne informasjonen. Diskuter: Forandrar det noko på forteljinga, eller er informasjonen i boka berre tilleggsinformasjon som verkar utfyllande?
  9. Kva vil du seie er tema i boka? Vil du seie at temaet er det same som i filmen?
CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmatiserte bøker