Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av bilete i grafisk design

Rørsle i medieuttrykk kan skapast ved at bilete, tekst og grupper har tydelege retningar. Med unntak av animasjonar eller andre typar rørlege uttrykk består grafisk design av statiske flater. Det tyder at rørsla vi snakkar om, er ein illusjon.
Togdør med pil og design. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Piler er svært effektive for å vise retning, men passar ikkje alltid så godt inn. Då er det greitt å kunne litt om korleis samansetninga av element kan skape former og rørsle.

Generelt kan ein seie at horisontale linjer skaper ro og stabilitet. Diagonale linjer gir kjensle av rørsle og fart, mens vertikale linjer uttrykkjer formalitet og merksemd.

Bilete som i seg sjølve har framtredande linjer, kan også brukast for å understreke retningar og leie blikket.

Retninger i bilder. Grafisk design.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva horisontale og vertikale linjer ser du i dette magasinoppslaget?

Magasinoppslag. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blikkretning

Om du skal bruke bilete med tydelege retningar, må du vere merksam på kva veg rørsla går. Som hovudregel ønskjer vi fokus inn mot midten av komposisjonen, slik at vi held merksemda til mottakaren fast på flata. Ein bil på full fart ut av komposisjonen kan fort sende mottakaren bort frå bodskapen din.

Om du skal bruke bilete av menneske eller dyr, må du vere merksam på kva retning dei beveger seg i – og ikkje minst kvar blikket deira går. Det er medfødt at vi er nysgjerrige på kva andre menneske ser på, og blikket blir drege mot det punktet.

Bursdagsinvitasjon. Grafisk design.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bursdagsinvitasjon. Grafisk design.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva for eit av desse bursdagskorta synest du leier blikket best mot bodskapen?

Om du vil leie blikket til mottakaren i ei bestemt retning, kan du setje inn eit bilete av eit ansikt som ser i den retninga. Kunnskapen kan du også bruke til å framheve bestemte element eller område i komposisjonen din ved å:

  • la ansikt sjå i den retninga
  • la objekt ha fart i den retninga
  • bruke piler eller peike dit du vil ha fokus

Spegelvending av bilete

Ein del bilete kan spegelvendas for å få retninga til å fungere betre på den sida vi har tenkt å bruke dei. Om du gjer det, bør du sjekke nøye:

  • at ikkje biletet inneheld tekst og tal som blir spegelvende
  • at ikkje klokker, smykke og knappar hamnar på feil side
  • at kjende ansikt og bygningar kan kjennast att (ingen ansikt er heilt symmetriske)
Tre bilder som kan være speilvendte. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2017

Læringsressursar

Komposisjon