Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor einskapleg er merkevara?

Finn ut korleis den amerikanske supermarknadkjeden Target presenterer seg visuelt.

På det første biletet ser vi ein kunde gå gjennom varene sine på ein Target supermarknad. På det andre poserer skodespelarane Isabella Russo og Kylie Cantrall med hunden Bullseye på premieren på Target sin julemusikal «The Toycracker» på Spring Studios i New York i 2016.

Oppgåve 1

Gjer eit søk på nettet og finn ut korleis den amerikanske supermarknadkjeden Target presenterer seg visuelt.

  1. Kva fargar bruker dei?
  2. Klarer du å finne fargekoden?
  3. Kva symbol er kjennemerket deira?
  4. Klarer du å finne nokre reglar for korleis symbolet kan brukast?
  5. Kva slags fontar bruker dei?
  6. Kan du finne nokon samanheng i korleis butikkane, annonsene og websidene ser ut?
  7. Klarer du å finne bilete der du meiner Target bryt sine eigne designreglar?

Oppgåve 2

Ta for deg ei merkevare du kjenner til, og gjenta steg a til e i oppgåve 1.

Oppgåve 3

Samanlikn Target og merkevara du fann.

Er ein av dei betre enn den andre til å framstå einskapleg? Grunngi svaret.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon