Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frå kaos til system

Bruk det du har lært om komposisjon i desse praktiske oppgåvene.
Ein plakat om internasjonale sykkelfilmar. Plakaten er ein kollasj med ulike bilete og bruk av fontar. Det er mykje som skjer i komposisjonen. Fontane er i gult, kvitt og svart, bileta i gråtonar. Grafisk design.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komposisjon med mykje aktivitet.

Refleksjonsoppgåve

  1. Biletet over er ein plakat for ein filmfestival, og det skjer veldig mykje på flata. Synest du komposisjonen er einskapleg? Grunngi svaret!
  2. Korleis blir blikket ditt leidd over komposisjonen? Er det tydeleg for deg kvar du skal feste blikket?

Praktisk arbeidsoppgåve

Lag eit dokument med to sider. Kopier tekst og bilete frå ei nyheitssak i ei nettavis og lim inn det same innhaldet på begge sidene.

  1. Set opp den første sida på ein slik måte at du bryt mest mogleg med komposisjonsprinsippa einskap og rørsle. Når sida har blitt så ille du kan tenkje deg, snakkar du med ein medelev for å forsikre deg om at det ikkje kan bli verre. Kanskje du kan bryte endå fleire reglar?
  2. Set opp ei ny side med same informasjon. Her følgjer du komposisjonsprinsippa så godt du kan.

Kva har du lært?

Snakk med ein medelev for å forsikre deg om at du ikkje kan gjere det betre. Bruk komposisjonsprinsippa som utgangspunkt for samtalen.

  • Har du repetert og brukt fontar, fargar, avstandar, former, retningar og linjer og tekstjustering konsekvent?
  • Har du eit tydeleg informasjonshierarki, slik at blikket blir styrt som du ønskjer?
  • Har du framheva det viktigaste og plassert det høgt på sida?
  • Vender alle bilete og illustrasjonar innover mot midten av komposisjonen?
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2017

Læringsressursar

Komposisjon