Hopp til innhald

Fagstoff

Partane i arbeidslivet

Organisasjonar er ein viktig del av det norske samfunnslivet. Det finst organisasjonar for alle slags interesser og grupper. Alle desse organisasjonane hjelper til på sine samfunnsområde. I arbeidslivet har arbeidsgivarar og arbeidstakarar sine organisasjonar.
LOs leiar og NHOs sjef helsar på kvarandre frå kvar si side av bordet under opninga av forhandlingar i 2019. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisasjonar i arbeidslivet

Arbeidstakarar og arbeidsgivarar har ikkje alltid dei same interessene og har derfor ulikt syn på kva som er problem, og korleis eit problem skal løysast. I staden for at kvar enkelt arbeidstakar stadig skal forhandle for seg sjølv med arbeidsgivaren sin, blir mange problem løyste gjennom organisasjonane som representerer arbeidstakarane og arbeidsgivarane. Både på arbeidsgivarsida og arbeidstakarsida finst det organisasjonar innanfor ulike bransjar og yrkesgrupper. Til dømes organiserer foreininga Handel og Kontor tilsette innanfor service og administrasjon i privat sektor, medan arbeidsgivarsida blir organisert av Virke. For arbeidstakarane vil det å stå saman auke sjansen for å få gjennomslag for krava. Makta deira ligg i at dei til saman er mange, og at arbeidsgivarane er heilt avhengige av arbeidskrafta deira. For arbeidsgivarane er det enklare og meir effektivt å forhandle med éin organisert part enn med ei mengde enkeltpersonar. Samtidig har dei eit maktmiddel i og med at det er dei som tek avgjerdene, og det er dei som i arbeidskvardagen bestemmer over arbeidstakarane.

Forhandlingar

Forhandlingar mellom organisasjonane i arbeidslivet handlar oftast om lønn og arbeidsvilkår. Vanlegvis skjer dette i dei såkalla hovudtarifforhandlingane på vårparten annakvart år. Etter andre verdskrigen har det vore vanleg praksis at industrien i privat sektor forhandlar først, og at resultatet her set rammene for forhandlingane mellom organisasjonane i andre næringar. Partane har vore einige om at dette er ei god ordning, fordi det då blir mindre konkurranse og lønnsforskjellar mellom dei ulike yrkesgruppene, noko som igjen hindrar at arbeidsgivarane plutseleg får store «hopp» i lønnsutgiftene.

Tariffavtalar

Avtalane mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane blir kalla tariffavtalar. Det finst både overordna tariffavtalar og tariffavtalar som berre gjeld på ein enkelt arbeidsplass. Tariffavtalane er som ein slags fredsavtale: Dei slår fast kva som er spelereglane for lønn og arbeidsforhold innanfor ein bransje eller ei yrkesgruppe for ein bestemt periode. Du må ikkje vere med i ei fagforeining for å vere inkludert i ein tariffavtale, det held at arbeidsgivaren din har inngått ein slik avtale. I Noreg er om lag 70 prosent av alle tilsette inkluderte i tariffavtalar.

Relatert innhald

Ein tariffavtale er ein skriftleg avtale mellom ei arbeidsgivarforeining og eit fagforbund om lønn, arbeidstid, ferie og andre forhold.

CC BY-SASkrive av Mirjam Sorge Folkvord. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 10.03.2020

Læringsressursar

Organisering av samfunns- og arbeidslivet