Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Menneske som informasjonskjelder

På den raude løparen blir to av skodespelarane frå NRKs Skam-serie intervjua av TV 2-reporter Fanny Odden. Det er ikkje til å leggje skjul på at Fanny er ein utradisjonell reporter.

Sjå klippet: Her får Skam-gutta bakoversveis

I videoen møter du skodespelarane Thomas Hayes og Herman Tømmeraas. Høvet er ein fest organisert av motebladet Elle i 2016. (NB! Klikk bort reklamen i starten av videoen.)

Diskuter med ein klassekompis eller i heile klassen:

  • Korleis handterer reporteren dei to kjeldene sine?
  • Kvifor trur de ho snakkar med kjeldene sine på denne måten?
  • Kva er det som gjer at skodespelarane får bakoversveis?
  • Kva er det som er utradisjonelt ved Fanny Odden som reporter?
  • Kva informasjon er ho ute etter?
  • Kva fungerer, og kva fungerer mindre bra?
  • Kva kunne ho gjort annleis før og undervegs i intervjuet?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Innføring i journalistikk