Hopp til innhald

Fagstoff

Munnlege kjelder i journalistisk arbeid

Munnlege kjelder står sentralt i journalistisk arbeid. Det at eitt av fem hovudpunkt i Ver Varsam-plakaten handlar om korleis journalistar bør behandle kjeldene sine, seier litt om kor viktig dette er.

I pressa sine etiske reglar står det mellom anna at journalisten skal «opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen». Du kan lese meir under overskrift 3 i Ver Varsam-plakaten.

Bruk av kjelder

Journalistar bruker vanlegvis fleire vitne til ei hending fordi førstehandskjelda kan hugse feil, ha gløymt noko, eller kan ha eigeninteresse i å framstille det som hende, på ein spesiell måte. Ei sak skal ideelt sett vere objektivt framstilt.

Journalistar bruker også mykje tid på å finne ikkje-profesjonelle førstehandskjelder som kan stille som case i sakene deira. Kjeldene sin funksjon blir då å representere haldningane eller erfaringane til folk flest.

Personar som ikkje naudsynlegvis er klar over verknaden av uttalene sine, må journalisten ikkje utnytte. Dette gjeld for eksempel menneske i sjokk eller sorg. Dei vil vere mykje meir sårbare enn ein medievand politikar.

Vurdering av informasjon frå munnlege kjelder

Har kjelda eit politisk eller økonomisk motiv for å stille opp som kjelde, må du vurdere spesielt kritisk opplysningane kjelda kjem med. Det hender at profesjonelle informasjonskjelder framstiller seg som nøytrale, utan å eigentleg vere det. Du kan sjekke bakgrunnen til personen og finne ut av kva kjelda har uttalt seg om tidlegare. Du kan også undersøkje med andre kjelder om opplysningane stemmer.

Greitt å vite om bruk av sitat:

  • Journalistar har ikkje rett til å trekkje sitat ut av samanhengen dei vart ytra i.
  • Journalistar kan skrive om sitat så lenge det dei skriv, uttrykkjer same meining.
  • Ei kjelde kan ikkje krevje å få trekkje tilbake sitat og endre meining etter at intervjuet har funne stad.
  • Ei kjelde kan ikkje få endra på journalisten sine titlar, ingress, bilettekst og eigne betraktningar.
  • Kjelda må få høve til å rette opp faktiske feil.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2017

Læringsressursar

Innføring i journalistikk