Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til Det siste norske trollet

Det siste norske trollet (2010) er ein kortfilm laga av den russiskfødde animatøren Pjotr Sapegin. Filmen er ei slags modernisert utgåve av «Dei tre bukkane Bruse» og hentar inspirasjon frå ulike norske folkeeventyr og segner.

Oppgåver til filmen

  1. Beskriv trollet. Kva for eigenskapar ved det kjenner du att frå folkeeventyra? Og kva for eigenskapar ved det er meir moderne? Du kan for eksempel tenkje gjennom kvar det bur, kva det et for noko, korleis det ser ut, og kva for eigenskapar det har. Samanlikn dette med kva du veit om troll frå folkeeventyra.

  2. På mange måtar får ein vel sympati med trollet i filmen, medan ein vanlegvis ikkje får sympati med troll i folkeeventyr. Kva for forteljetekniske grep har filmskaparen brukt for å skape denne sympatien?

  3. Får du noko informasjon om kvifor dette trollet er det siste trollet? Kva har skjedd med dei andre trolla?

  4. Filmen kan delast inn i tre delar. Den første delen går føre seg i moderne tid, den andre delen fortel om oppveksten til trollet, den tredje delen handlar om korleis trollet finn att dei andre trolla. Beskriv kort kva du får vite i dei tre delane. Med andre ord: Kva pregar det moderne livet til trollet, kva skjedde i oppveksten, og kvar finn trollet att dei andre trolla?

  5. Tolk scenen der trollet møter dei tre bukkane Bruse. Kva er likt og kva er ulikt det opphavelege eventyret? Korleis vil du seie scenen karakteriserer «det siste trollet»?

  6. Etter møtet med bukkane Bruse seier forteljarstemma: «Det finnes en god grunn til at trollene er utryddet, de ville stått i veien for utviklingen av landet.» Korleis tolkar du denne replikken?

  7. Kva for skikkelsar eller førestillingar frå norsk folkedikting kjenner du att i filmen?

  8. Kva for førestillingar om det typisk norske meiner du filmen presenterer? Tenk for eksempel gjennom synet på norsk historie, tradisjonar, natur – og dei som bur her.

  9. Korleis tolkar du slutten? Kva for funksjon har for eksempel Huldra på slutten? Kva trur du skjer med «det siste trollet»?

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmanalyse