Hopp til innhald

Fagstoff

Hudfarge

Fargen på huda kjem av pigment som finst i overhuda. Hudfargen er bestemt av arv, men blir påverka av ultrafiolett stråling. At vi er fødde med ulik hudfarge, er eksempel på korleis vi er tilpassa dei omgivnadene vi er ein del av.
Seks ungdommer som ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brunfargen på huda stammar frå eit pigment som heiter melanin. Eit pigment er eit fargestoff. Melaninet finst i spesielle celler i overhuda som blir kalla melanocyttar.

Pigmenta vernar

Når huda blir utsett for ultrafiolette strålar, for eksempel frå sola, utviklar melanocyttane mykje melanin. Når det blir utvikla mykje melanin i overhuda, blir cellene innanfor verna mot den skadelege verknaden som dei ultrafiolette strålane kan ha, som for eksempel framveksten av kreftceller. Det vil seie at dess mørkare hudfargen blir, dess betre verna er vi mot å utvikle hudkreft.

Pigmenta hindrar produksjon av D-vitamin

Mennesket er avhengig av noko ultrafiolett stråling fordi dette fører til produksjon av D-vitamin i huda. Dersom hudfargen blir veldig mørk, slepp lite ultrafiolett stråling gjennom til cellene der D-vitaminet blir utvikla. Forskarane meiner at dette er årsaka til at menneske som lever i område med lite sol, er lysare i huda enn menneske som lever i område med mykje sol.

Albinisme

Enkelte menneske har særleg dårleg evne til å utvikle melanin, sjølv når dei blir utsette for mykje sol. Desse har veldig lys hud og er svært ømfintlege for sol. Dette kjem av ei endring i arvestoffet og blir kalla albinisme.

Barne med mørk og lys hud. Foto.

Og du kallar meg farga?

Då eg vart fødd, var eg svart.
Når eg frys, er eg svart.
Når eg er varm, er eg svart.
Når eg er sjuk, er eg svart.
Når eg er redd, er eg svart.
Når eg døyr, er eg svart.


Men du,
Då du vart fødd, var du rosa.
Når du frys, er du blå.
Når du er varm, er du raud.
Når du er sjuk, er du grøn.
Når du er redd, er du kvit.
Når du døyr, er du lilla.

Skrive av ein afrikansk gutt.[1]

Endringar i hudfarge

Hos menneske med lys hud kan vi registrere endringar i hudfarge som ikkje kjem av soling:

  • Kjensler kan få huda til å skifte farge.
  • Når vi blir redde, blir huda ofte bleik, mens når vi blir flaue, raudnar vi.
  • Temperatur kan få huda til å skifte farge.
  • Når vi blir kalde, trekkjer blodårene seg saman, og huda blir kvit.
  • Når vi er varme, utvidar blodårene seg, og huda blir raudleg.
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Huda