Akuttbehandling av lårhøne
Har nokon fått seg ei skikkeleg lårhøne, gjeld det å starte akuttbehandlinga raskt. Det gjer rehabiliteringstida så kort og smertefri som mogleg. Behandlinga går mellom anna ut på å teipe og kjøle ned det skadde området etter det såkalla PRICE-prinsippet.
Opphavsmann: Senter for idrettsskadeforskning
Akuttbehandling etter PRICE-prinsippet
Ha god bøy i hofte og kne når du legg på is og ein kompresjonsbandasje rundt det skadde området. Lag ein firkant av papir eller liknande og legg han over skadestaden. Han vil fungere som ekstra kompresjon, samtidig som han vernar huda mot frostskadar.
Legg ein ispose over skadestaden og surr kompresjonsbandasjen rundt låret, slik at isposen blir halden på plass. Strekk bandasjen vidare rundt leggen slik at kneet blir bøygd. Denne stillinga gjer det mindre vondt å bøye og strekkje kneet etter akuttbehandlinga.
Behald isen på i om lag 20 minutt og gjenta prosedyren så regelmessig som mogleg kvar tredje eller fjerde time dei første døgna. I perioden mellom nedisingane skal beinet haldast meir utstrekt, men ALLTID med kompresjonen på!
Opptrening
Når den akutte fasen er over og smertene har blitt mindre, kan utøvaren så smått begynne å trene igjen, roleg og forsiktig. Ein halvtimes sykkeltur kvar dag, med tøying av lårmuskelen etterpå, er å anbefale. For å komme lettare i gang igjen med treninga etter ei lårhøne kan ein teipe låret med ein aktivitetsteip.
