Hopp til innhald

Fagstoff

Økonomiske straumar til og frå Noreg

Gjennom dei siste par tiåra har «butikken» Noreg gått svært godt. Mykje av forklaringa ligg i utvinninga av olje og gass, som sidan 1980 årleg har stått for 40–50 prosent av eksportinntektene.
Oljeplattform, Osebergfeltet. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksport

I dag er Noreg ein av dei større eksportørane av olje og gass på verdsbasis. Samtidig er den delen av norsk industri som leverer utstyr og teknikk til oljeverksemda, blitt verdsleiande. Har vi gjort oss for avhengige av denne verksemda? Vi veit jo at olje- og gassressursane om nokre tiår ikkje lenger vil vere så store som i dag.

Til industriland å vere er den norske eksporten sterkt prega også av andre naturressursar. Denne samansetjinga av eksporten har vore til stor fordel for Noreg dei seinare åra. Samtidig som vi har fått gode prisar for eksportvarene våre, har vi kunna kjøpe billige importvarer (tekstilar, lette industrivarer osv.) frå lågkostland i Asia. Noreg har derfor lenge hatt eit svært gunstig byteforhold med utlandet.

Investering

Handel er ikkje den einaste måten eit land kan skaffe seg valutainntekter på. Ein annan måte er å investere kapital i selskap i utlandet og få overskot dersom selskapa går bra. Når Telenor investerer milliardar i mobiltelefoni i Pakistan, Burma og andre land, kan også det gi inntekter til Noreg. Det same gjeld når Statoil investerer milliardsummar i olje- og gassutvinning i mellom anna Angola og USA. For mange norske multinasjonale selskap er utanlandsverksemda blitt viktigare enn den verksemda som er retta mot den norske marknaden. Då er det òg blitt viktig korleis norske selskap «oppfører seg» i andre land. Opererer dei i tråd med dei verdiane og haldningane som norske styresmakter ønskjer å fremje internasjonalt? Kva slags arbeidsforhold opererer dei med? Kva type selskap og verksemder investerer dei i? Og korleis stiller dei seg til korrupsjonskultur og skattelovgiving? Oljefondet må operere etter retningslinjer utarbeidde av eit eige etisk råd, når det skal investere.

Men det går òg ein kapitalstraum frå utlandet til Noreg når selskap frå andre land investerer i verksemd i Noreg. Det kan gi fleire arbeidsplassar og større skatteinntekter her i landet. Men etablerer dei nye eller kjøper dei opp eksisterande bedrifter? Er motivet å «slakte» ein konkurrent eller på ein billig måte få hand om ny teknologi eller eit gunstig varemerke, eller skjer det ut frå eit ønske om å etablere seg langsiktig i Noreg? Det er eit kjent problem at store multinasjonale selskap bruker såkalla «internprising» – at dotterselskap handlar seg imellom. Gjennom slik prising kan selskapa gjere det slik at dei skattar til land med låge skattesatsar sjølv om inntektene er blitt skapte i eit land med høge skattesatsar. Det er eit problem for alle land som er avhengige av skatteinntekter for å finansiere velferd og infrastruktur. Til dømes betalte fem store transnasjonale selskap, med over seks milliardar kroner i omsetning i Noreg i 2011, berre ti millionar kroner i skatt til den norske staten. For mange statar er det utfordrande å balansere mellom det å leggje til rette for utanlandske selskap og samtidig sikre at landet og innbyggjarane i landet faktisk får noko tilbake.

Relatert innhald

Statane i verda blir stadig meir politisk og økonomisk avhengige av kvarandre, særleg for at produksjon, sal og kjøp av varer skjer på tvers av landegrenser.

CC BY-SASkrive av Ivar Windheim.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Økonomisk politikk og ressursar